Monday, October 27, 2025
Central Norway Regional Health Authority

Ambulansearbeidar / Paramedisiner

Posted: Oct 16, 2025

Job Description

Ambulansearbeidar / Paramedisiner Ambulanseseksjon Ålesund-Harøy-Giske, Helse Møre og Romsdal HFSøk på stillinga (i ny fane)Om stillingaVil du bli ein del av eit sterkt fagmiljø som redder liv kvar dag?Vi har ledig 50% fast stilling for amulansearbeidar eller paramedisiner frå 01.01.26 eller oppstart etter avtale.Her med oss får du ein spanande og variert arbeidskvardag med stadig nye utfordringar, tett samarbeid og eit godt kollegialt fellesskap. Vi har eit engasjert og inkluderande arbeidsmiljø der vi støttar kvarandre, deler kunnskap og har felles fokus på å gi pasientane den aller beste behandlinga.Frå nyåret flyttar vi inn i ein heilt ny stasjon med moderne fasilitetar – tilpassa kvardagen vår og laga for å sikre både fagleg utvikling og trivsel på jobb.Klinikk for prehospitale tenester i Helse Møre og Romsdal HF har ansvar for den akuttmedisinske beredskapen i heile fylket. Her får du jobbe saman med dyktige fagfolk innan bil-, båt- og luftambulanse, AMK-sentralen (113) og pasientreiser – ein unik moglegheit til å bidra i ei av dei viktigaste tenestene i helsetilbodet vårt.Det må også påreknast arbeid ved andre stasjonar.Er dette noko for deg, ønskjer vi deg velkomen som søkjar!Sjå her for meir informasjon om prehospitale tenester.NøkkelinformasjonSøknadsfrist28.10.2025ArbeidsgivarHelse Møre og Romsdal HFStillingstittelAmbulansearbeidar / ParamedisinerStillingar1Heiltid / DeltidDeltidTilsetjingsformFastStillingsprosent50Webcruiter-ID5025120409Startdato01.01.2026Sosial DelingDel på XDel på LinkedIn Del på Facebook Del på e-postArbeidsoppgåverUtføre ambulanse- og redningsoppdragVi ynskjer at du er fagleg engasjert og ansvarsbevisst, har pågangsmot og likar utfordringarDu har evne til å inspirere og motivere, og har gode evner til samarbeidDelta på undervisning og sertifiseringarPåta seg dei faglege delegeringane som krevstInterne arbeidsoppgåverUtøve sitt arbeid i tråd med lover, forskrifter, prosedyrer og interne reglement som er gjeldand for føretaketKvalifikasjonarAutorisasjon som ambulansearbeidar/ autorisasjon som paramedisinerSøkjer med prehospital utdanning frå utlandet og med norsk autorisasjon som ambulansearbeidar vil bli vurdertHa gjennomført og bestått utrykningskurs og ha dokumentert kompetansebevis for utrykningsførar (kode 160)Ha førarkort klasse C1Farmakologiutdanning tilsvarende 5 stp. på høgskulenivåDelta og bestå sertifisering trinn 2 etter program i kompetanseplanen for ambulansetenesta i Midt-NorgeØnskjeleg med gjennomført Paramedic utdanning, eller er villig til å fullføre slik utdanningBestått AMLS/PHTLS etter program i kompetanseplanen for ambulansetenesta i Midt-NorgePolitiattest kreves før tilsetting i stillinga, etter lov om helsepersonell20aVere psykisk og fysisk eigna, bestå fysisk test før tilsetting. Fysisk test vil bli gjennomført årleg i forbindelse med resertifiseringPersonlege eigenskaparTydelig og respektfull kommunikasjon med pasientar og kollegaerEvne til å prioritere riktig i nødsituasjonarMotiverande, fleksibel og tilpasningsdyktigGode datakunnskapar og evne til samarbeidGod norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne, og er ein konstruktiv bidragsytar i eit tverrfagleg arbeidsmiljøVed vurdering av den best kvalifiserte, vert det vektlagt utdanning, erfaring og personleg eignaheit, samt motivasjon for stillinga.Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeidEin inkluderande arbeidsplassLøn etter gjeldande overeinskomstarMedlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkårVi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.Adresse: Lerstadvegen 519, 6018 Ålesund, Norge Opne vegbeskriving (i ny fane) KontaktinformasjonHeidi PedersenSeksjonsleiarE-post: heidi.pedersen@helse-mr.noOm arbeidsgivarenVil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Job Application Tips

  • Tailor your resume to highlight relevant experience for this position
  • Write a compelling cover letter that addresses the specific requirements
  • Research the company culture and values before applying
  • Prepare examples of your work that demonstrate your skills
  • Follow up on your application after a reasonable time period

Related Jobs