Linkedprime

Job Description

Assistent Føde og barsel Ålesund, Helse Møre og Romsdal HFSøk på stillinga (i ny fane)Om stillingaSeksjon føde/barsel Ålesund har ledig mellombels stilling for assistent frå snarast.Vi søkjer ein fleksibel og påliteleg assistent som kan stille som tilkallingsvikar ved behov – både i helger og på kvardagar. Det er ønskjeleg at den som blir tilsett også kan vikariere for seksjonen sin faste assistent under ferieavviklinga sommaren 2026.Fødeavdelinga ved Ålesund sjukehus tilbyr trygge og omsorgsfulle tenester til fødande og nyfødte. Vi har eit tverrfagleg miljø med høg fagleg kompetanse og fokus på kvalitet, tryggleik og pasientomsorg.Som assistent vil du vere ein viktig del av støtteapparatet som bidreg til god flyt og hygiene i avdelinga.Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar vi du søkjer – vi gleder oss til å høyre frå deg!NøkkelinformasjonSøknadsfrist18.11.2025ArbeidsgivarHelse Møre og Romsdal HFStillingstittelAssistentStillingar1TilsetjingsformTilkalling/TimebasisWebcruiter-ID5037273175Startdato01.12.2025Sosial DelingDel på XDel på LinkedIn Del på Facebook Del på e-postArbeidsoppgåverRydding, reinhald og klargjering av fødestover, inkludert desinfisering og påfyll av nødvendige artiklarSkylleromsarbeid med vask av utstyr, sortering av avfall og skittentøy, og ivaretaking av hygieneOrden og reinhald i matsal, inkludert rydding, påfyll og ivaretaking av hygiene og trivselDagleg reinhald i avdelinga, inkludert vask av fellesareal, støvtørking, avfallshandtering og påfyll av forbruksartiklarTransport og klargjering av senger, samt samarbeid med reinhaldspersonell og portørar.Førefallande oppgåver som varehenting, intern pasientflytting og støtte til god logistikk og flyt i avdelingaKvalifikasjonarErfaring frå reinhald er ein fordel, men ikkje eit kravHelsefaglege studentar er velkomne til å søkeSøkar må vere over 18 årGode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendigServiceinnstilt, nøyaktig og pålitelegGod forståing for hygiene og smittevernrutinarPersonlege eigenskaparEvne og vilje til fleksibilitet i arbeidsoppgåver og arbeidstidGode samarbeidsevner og positiv innstillingAnsvarsbevisst og strukturertDu er ein som passar i eit omsorgsfullt og profesjonelt miljøPersonleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeidEin inkluderande arbeidsplassLøn etter gjeldande overeinskomstarMedlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkårVi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din søknad.Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Sjå meir om byen og omland her.Adresse: Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Norge Opne vegbeskriving (i ny fane) KontaktinformasjonMarianne Bakken OmvikSeksjonsleiarE-post: Marianne.Bakken.Omvik@helse-mr.noMartha Kvasnes MolværSeksjonsleiarE-post: Martha.K.Molver@helse-mr.noOm arbeidsgivarenVil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Job Application Tips

  • Tailor your resume to highlight relevant experience for this position
  • Write a compelling cover letter that addresses the specific requirements
  • Research the company culture and values before applying
  • Prepare examples of your work that demonstrate your skills
  • Follow up on your application after a reasonable time period

You May Also Be Interested In