Assistent og kokkar med fagbrev
Posted: Oct 19, 2025
Job Description
Assistent og kokkar med fagbrev Seksjon for kjøkken og kantine SNR, Helse Møre og Romsdal HFSøk på stillinga (i ny fane)Om stillingaVi søkjer nye kollegaer til kjøkkenet ved felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal!Vi har no flytta inn i det nye akuttsjukehuset for Nordmøre og Romsdal, og har behov for fleire dyktige tilsette på kjøkkenet.Kjøkkenet vårt produserer mat til pasientar, kafé og kiosk – med stor vekt på eigenproduksjon. Vi leverer også møtemat og catering til ulike føremål.Vi har eit moderne produksjonskjøkken med 1-2-3-serveringssystem for pasientar, og avdelingskjøkken med matvertar til opphaldsromma for inneliggjande pasientar.I kafeen finn du eit variert utval med påsmurt mat, varme og kalde rettar, sveler og heimelaga bakst. Vi drifter også ein ubetjent kiosk med smart vareskap, som tilbyr eit breitt spekter av mat, drikke og kioskvarer.Etterspurnaden etter tilboda våre har auka mykje – og vi søkjer derfor frå snarast:Ei fast 100% stilling som kokk med fagbrevEit 100% vikariat som kokk med fagbrevEi fast 100% stilling som assistentFor alle stillingane er det ønskjeleg med oppstart snarast muleg.Vi ønskjer oss kokkar med fagbrev, men søkjarar utan fagbrev, som har relevant erfaring og praksis, er også velkomne til å søkje på kokkestillingane.Dette er ein travel, men inspirerande arbeidsplass der du får vere med på mykje spennande.Har du lyst til å bli vår nye kollega? Søk, då vel!Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.NøkkelinformasjonSøknadsfrist31.10.2025ArbeidsgivarHelse Møre og Romsdal HFStadHjelsetStillingstittelAssistent og kokkar med fagbrevStillingar3Heiltid / DeltidHeiltidTilsetjingsformFast, VikariatStillingsprosent100Webcruiter-ID5019365723Sosial DelingDel på XDel på LinkedIn Del på Facebook Del på e-postArbeidsoppgåverProduksjon av varm og kald matTilberedning og servering av mat og drikke i kafé Utporsjonering for 1-2-3Matvert ved avdelingskjøkkenVaremottakAktiv bruk av seksjonen sitt kvalitetssystemBruk av seksjonen sine digitale verktøyKvalifikasjonarFagbrev for stillingane som kokkRelevant erfaring for assistent, det kan også kompensere for fagbrev som kokkGode norskkunnskapar, både munnleg og skriftlegPersonlege eigenskaparDu er ansvarsbevisst og pålitelegDu arbeider sjølvstendig og strukturertDu trivst i eit aktivt og travelt miljøDu er ein god lagspelarDu er positiv til endring og likar utfordringaVi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeidEin inkluderande arbeidsplassLøn etter gjeldande overeinskomstarMedlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkårNordmøre og Romsdal!Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.Adresse: Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR), Opdølvegen 4, 6450 Hjelset, Norge Opne vegbeskriving (i ny fane) KontaktinformasjonEli Nytun SætherSeksjonsleiarTelefon: +47 90250756E-post: eli.nytun.sether@helse-mr.noOm arbeidsgivarenVil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Job Application Tips
- Tailor your resume to highlight relevant experience for this position
- Write a compelling cover letter that addresses the specific requirements
- Research the company culture and values before applying
- Prepare examples of your work that demonstrate your skills
- Follow up on your application after a reasonable time period