Nav

Avdelingsleiar med hjarte for folk og utvikling søkjast til Nav Vindafjord-Etne

Posted: 3 hours ago

Job Description

Vil du bli avdelingsleiar i eit Nav-kontor der engasjement, samarbeid og samfunnsoppdrag står i sentrum?Nav Vindafjord-Etne er eit kontor med 28 dedikerte medarbeidarar fordelt på tre avdelingar. No opprettar me ei ny leiarstilling for avdelinga Arbeid og inkludering, og me søkjer deg som vil vere med og utvikle både menneske og tenester. Som éin av tre avdelingsleiarar vil du inngå i ei tett leiargruppe saman med einingsleiar – og få ansvar for rundt 10 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Samtidig vil du følgje opp menneske som står utanfor arbeidslivet, og rettleie dei på vegen mot jobb eller aktivitet.Me ser etter ein trygg og tillitsbasert leiar som veit kva som motiverer, og som legg til rette for meistring og utvikling. Du vil samarbeide tett med andre avdelingar og einingar i Nav Rogaland, og med eksterne aktørar som næringsliv, helsevesen og oppfølgingstenesta.Nav Vindafjord-Etne held til på Rådhuset i Ølen, men flyttar inn i heilt nye lokale i sentrum våren 2026.Er du ein lagspelar som finn motivasjon i Nav sitt samfunnsoppdrag? Då håpar me du søkjer!

Job Application Tips

  • Tailor your resume to highlight relevant experience for this position
  • Write a compelling cover letter that addresses the specific requirements
  • Research the company culture and values before applying
  • Prepare examples of your work that demonstrate your skills
  • Follow up on your application after a reasonable time period

Related Jobs