Overlege Palliativt team SNR Kreftbehandling og palliasjon Nordmøre og Romsdal, Helse Møre og Romsdal HFSøk på stillinga (i ny fane)Om stillingaHar du eit brennande engasjement for palliasjon, eller ønskjer du å byggje kompetanse innan feltet? Då kan dette vere stillinga for deg. Palliativt team ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) har ledig eit vikariat i 50 % stilling. Arbeidstida er måndag til fredag, utan vaktbelastning. Stillinga er fleksibel og kan tilpassast anna arbeid. Oppstart er snarast mogleg, men startdato kan avtalast.
Palliativ medisin er eit fagområde i utvikling og rettar seg mot pasientar med ulike grunnsjukdomar. Fellesnemnaren er behovet for spesialisert behandling for optimal lindring. Palliativt team fungerer som rådgivande eining og samarbeider tett med helsepersonell både i sjukehus og i kommunane. Teamet støttar dei som har dagleg kontakt med pasientar og pårørande, og bidreg til at desse får naudsynt kunnskap og informasjon for å kunne tilby best mogleg omsorg og lindring.
Teamet har òg direkte kontakt med pasientar og pårørande gjennom oppfølging og samtalar på sjukehus, poliklinikk, i heimen og på institusjon. Ved komplekse tilfelle med avansert symptomlindring eller omfattande behov for koordinering, rådgiving eller samtalar, spelar teamet ei meir direkte og sentral rolle. Palliativt team består av lege og sjukepleiarar, og samarbeider tett med andre spesialiserte faggrupper ved sjukehuset. Det tverrfaglege teamet har faste, vekentlege møte der fysioterapeut, ergoterapeut, sosionom, klinisk ernæringsfysiolog og prest deltek i tillegg til lege og sjukepleiar.
Vi tilbyr spesialisert palliasjon til inneliggjande og polikliniske pasientar ved SNR, og samarbeider med alle kommunane som soknar til sjukehuset. Sjukehuset på Hjelset er planlagt med to palliative senger der palliativt team vil delta i previsittar og planlegging av behandling og lindring. Det må påreknast arbeid både ved SNR Hjelset og Kristiansund sjukehus. Stillinga kan òg nyttast som vidare- eller etterutdanning for legar innan andre spesialitetar. Om Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering i Helse Møre og Romsdal:
Kreftpoliklinikkar og palliative team ved sjukehusa i Kristiansund, Molde og VoldaSengepost, kreftpoliklinikk og palliativt team i ÅlesundStråleterapieining ved Ålesund sjukehusSpesialisert rehabilitering, hud og revmatologi inngår òg i klinikkenVi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden. NøkkelinformasjonSøknadsfrist31. 07.
2025ArbeidsgivarHelse Møre og Romsdal HFStadHjelsetStillingstittelOverlege Palliativt team SNRStillingar1Heiltid / DeltidDeltidTilsetjingsformEngasjementStillingsprosent50Webcruiter-ID4991832925Sosial DelingDel på XDel på LinkedIn Del på Facebook Del på e-postArbeidsoppgåverKlinisk arbeid, inkludert polikliniske konsultasjonar, vurdering av tilvisingar, tilsyn ved ulike avdelingar og heimebesøkRådgiving til helsepersonellDeltaking i kliniske studiarUndervisningNettverks- og systemarbeidNoko administrativt arbeidKvalifikasjonarDet er ein fordel om du har lang erfaring som lege, gjerne innan allmennmedisin og/eller palliasjonEmnekurs i palliasjon er ønskjeleg, men ikkje eit kravGode norskkunnskapar, både munnleg og skriftlegDu deler kunnskap med andre og er trygg i klinisk arbeidDu likar å undervise og rettleieDu har evne til å byggje system og struktur i helsetenestaPersonlege eigenskaparGode samarbeidsevnerTrivst i eit aktivt og tidvis travelt arbeidsmiljøBidreg positivt til arbeidsmiljøetArbeider sjølvstendig og er ansvarsbevisstHar gode kommunikasjonsferdigheiterPersonleg eignaheit vert vektlagtVi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeidEin inkluderande arbeidsplassLøn etter gjeldande overeinskomstarMedlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkårAdresse:
Opdølvegen 4, 6450 Hjelset, Norge Opne vegbeskriving (i ny fane) KontaktinformasjonRagnhild BjerkåsSeksjonsleiarTelefon: +47 90594358E-post: Ragnhild. Bjerkas@helse-mr. noOm arbeidsgivarenVil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune.
I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova.
Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Forside - Helse Møre og Romsdal
Customize your resume to highlight skills and experiences relevant to this specific position.
Learn about the company's mission, values, products, and recent news before your interview.
Ensure your LinkedIn profile is complete, professional, and matches your resume information.
Prepare thoughtful questions to ask about team dynamics, growth opportunities, and company culture.