🔍 Find Similar Jobs

Job Details

Employment Type

Full time

Category

Other

Salary

100.00 USD

Valid Through

Aug 30, 2025

Job Description

Sjukepleiar KIRURGISKE POLIKLINIKKER SNR, Helse Møre og Romsdal HFSøk på stillinga (i ny fane)Om stillingaVi treng fleire engasjerte sjukepleiarar i ein stadig veksande seksjon med fokus på høg fagleg kompetanse og eit godt arbeidsmiljø!Kirurgiske poliklinikkar ved klinikk SNR har ledig 100 % stilling som sjukepleiar. Arbeidsstaden vil vere 82,4% på kirurgiske poliklinikker og 17,6 % på skadepoliklinikken ved akuttmottak kvar tredje helg. Tilsettingsdato er oktober, eller etter avtale. No er vi komne inn i eit flott og nytt sjukehusbygg, og alt ligg til rette for at vi får yte god pasientbehandling.

Som sjukepleiar på vår poliklinikk blir du ein del av eit sterkt fagmiljø som samarbeider i team med andre faggrupper. Vi behandlar pasientar tilvist frå fastlege og andre instansar for vurdering og behandling innan kirurgi, urologi, ortopedi, gastro, plastikk og gynekologi. Vi utfører mindre kirurgiske inngrep, har kontrollar og oppfølging av pasientar. I tillegg har vi sjukepleiarar med spisskompetanse innan stomioppfølging, sårbehandling og urologi, som gjennomfører eigne polikliniske konsultasjonar. Arbeidet på poliklinikken vidareførast til skadepoliklinikken kvar tredje helg.

Her behandlar vi pasientar med akutte problem som til dømes brot, sårinfeksjonar, ulike skadar og småulykker. Ta gjerne kontakt for meir informasjon. Er dette noko for deg er DU velkomen til å søkje!Ved interne omrokkeringar kan andre stillingar bli ledige. Aktuelle kandidatar kan bli kontakta fortløpande. NøkkelinformasjonSøknadsfrist17. 08.

2025ArbeidsgivarHelse Møre og Romsdal HFStadHjelsetStillingstittelSjukepleiarStillingar1Heiltid / DeltidHeiltidTilsetjingsformFastStillingsprosent100Webcruiter-ID4994834388Sosial DelingDel på XDel på LinkedIn Del på Facebook Del på e-postArbeidsoppgåverAssistere legar i behandling av pasientarSjølvstendig sjukepleiarpoliklinikkDokumentasjonKvalifikasjonarAutorisert sjukepleiarErfaring frå kirurgiske fag er ein fordelPersonlege eigenskaparDu har ei positiv haldningDu er endringsvillig, utadvendt og engasjertDu arbeider sjølvstendig, men fungerer godt i samarbeid med kollegaer, pasientar og pårørandeÅ vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeidEin inkluderande arbeidsplassLøn etter gjeldande overeinskomstarMedlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkårVi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund.

Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her. Adresse: Opdølvegen 4, 6450 Hjelset, Norge Opne vegbeskriving (i ny fane) KontaktinformasjonIda GuleSeksjonsleiarTelefon: +47 95940303E-post: ida. gule@helse-mr. noOm arbeidsgivarenVil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester.

Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga.

Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Forside - Helse Møre og Romsdal

Apply Now

You'll be redirected to the company's application portal

Application Success Tips

Resume Tailoring

Customize your resume to highlight skills and experiences relevant to this specific position.

Company Research

Learn about the company's mission, values, products, and recent news before your interview.

Profile Optimization

Ensure your LinkedIn profile is complete, professional, and matches your resume information.

Interview Preparation

Prepare thoughtful questions to ask about team dynamics, growth opportunities, and company culture.

Back to Job Listings