Sjukepleiar - vikariat Alderpsykiatri SNR, Helse Møre og Romsdal HFSøk på stillinga (i ny fane)Om stillingaVil du vere med på laget vårt? Vi ønskjer oss ein truverdig og fagleg sterk sjukepleiar med nok audmjukheit til å kjenne sin eigen styrke og begrensningar nok til å trå til når det skjer noko ekstra, og til å bringe sine synspunkt inn til drøfting med kollegaer.
Denne jobben kan vere krevande kjenslemessig, og du må sjølv vite når du har behov for at nokon ser deg, og seie frå om behov for støtte, rådgjeving og påfyll. I det daglege vil du gå tett på menneske som har tøffe historier med seg og slit med etterverknad etter dette. Det forventast at du tåler å stå i det. Vi kan tilby deg vikariat i døgnseksjonen med moglegheit for fast tilsetting. Seksjonen vår er tverrfagleg samansett.
Hovudoppgåvene til seksjonen er utgreiing og behandling av demens (APSD) ,alvorleg depresjon, angstliding, alvorleg spiseforstyrring og andre alvorlege psykiske lidingar. Det er eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med poliklinikken i seksjonen. Døgnposten har 9 sengeplasser inkludert moglegheit for 2 intensivplasser - ingen akuttfunksjon. Innlegging skjer etter henvisning frå fastlege, sjukeheimslege eller annan lege/seksjon/avdeling i helseføretaket. Alderspsykiatri SNR gir rettleiing og bistår samarbeidspartnarane våre i kommunane. NøkkelinformasjonSøknadsfrist12. 08. 2025ArbeidsgivarHelse Møre og Romsdal HFStadHJELSETStillingstittelSjukepleiar - vikariatStillingar1Heiltid / DeltidDeltidTilsetjingsformVikariatStillingsprosent70Webcruiter-ID4995908972Startdato18. 08. 2025Sluttdato16. 08.
2026Sosial DelingDel på XDel på LinkedIn Del på Facebook Del på e-postArbeidsoppgåverBidra i miljøarbeid, kartlegging, utgreiing og rettleiing.
Seksjonen har eit stort fokus på miljøtiltak; sansestimulering, TID – modellen, tillitsskapande arbeid og brukar mellom anna Marte Meo til rettleiing innan funksjonsstøttande kommunikasjonBidra til gode pasientforløp i samarbeid med kollegaer i sengeposten og i poliklinikkVise engasjement og lojalitet til oppsette behandlingsmål og tiltakHalde seg fagleg oppdatert via seksjonen sine kompetansehevingstiltakBidra til å utvikle eit godt samarbeid med kommunaneHalde seg oppdatert på seksjonen sine rutinar og prosedyrarKvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiarErfaring frå liknande klinisk arbeid er ønskelegMå ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskaparFørerkort klasse BPersonlege eigenskaparDu er positiv og ein god relasjonsbyggjarDu må kunne ta utfordringar på sparket og stole på deg sjølvDu må vere omstillingsdyktig då det skjer store endringar i organisasjonen vårDu er fleksibel, løysningsorientert og har stor arbeidskapasitetDu er god på å samarbeide på tvers av yrkesgrupperDu er fysisk og psykisk eigna for stillingaDu må vere fagleg tydeleg og gje tilbakemeldingar til kollegaer både på det negative og positiveÅ vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Menn oppfordrast til å søkje. Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeidEin inkluderande arbeidsplassLøn etter gjeldande overeinskomstarMedlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkårVi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund.
Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her. Adresse: Opdølvegen 2, 6450 HJELSET, Norge Opne vegbeskriving (i ny fane) KontaktinformasjonMarit Møgedal StokkelandSeksjonsleiarTelefon: +47 46683184E-post: Marit. Mogedal. Stokkeland@helse-mr. noOm arbeidsgivarenHelse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar.
Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di. " Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden.
Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www. helse-mr. no
Customize your resume to highlight skills and experiences relevant to this specific position.
Learn about the company's mission, values, products, and recent news before your interview.
Ensure your LinkedIn profile is complete, professional, and matches your resume information.
Prepare thoughtful questions to ask about team dynamics, growth opportunities, and company culture.