🔍 Find Similar Jobs

Job Details

Employment Type

Full time

Category

Other

Salary

28.00 USD

Valid Through

Aug 30, 2025

Job Description

Sjukepleiar Sengepost Medisin 3, Helse Møre og Romsdal HFSøk på stillinga (i ny fane)Om stillingaEr du på jakt etter ein spennande og god arbeidsplass med fagfelta hjerte, infeksjon og geriatri? Då har vi ledig stilling til deg på Sengepost Medisin 3 på det topp moderne sjuehuset vårt på Hjelset!Vi har ledig faste stillingar samt vikariat, med oppstart etter avtale. Du kan gjerne kome med ønske om stillingsprosenten som passer deg. Sengepost Medisin 3 har 28 sengeplassar fordelt på dei spennande fagfelta hjerte, infeksjon og geriatri. Vi har fagsjukepleiarar ved alle fagfelta og fagdag for alle tilsette i turnus.

Vi er ein god arbeidsplass der vi har eit solid fagmiljø og fokus på best mogleg pasientbehandling, tryggheit, kvalitet og respekt. Her er det hyggelege og engasjerte kollega som vil ta godt imot deg, og arbeidsgleda her er stor! Vi tek vare på og rettleiar kvarandre. Vi har fokus på samarbeid i kvardagen, og vi jobbar saman i team. Vi samarbeide også med fleire faggrupper gjennom dagen. Turnusen er tredelt, med arbeid kvar 3. helg, og du får kome med ønsker om korleis legge vaktfordelinga best til rette for deg.

Vi har starta utprøving av langvakter, med vidare utbredding til hausten. Med langvakter vil det verte arbeid kvar 4. helg. Langvakter er frivillig. Høyrest dette interessant ut, så legg inn ein søknad, og ta gjerne kontakt om det er noko du lurer på. Vi ønsker deg velkomen til å verte ein del av gjengen ved sengeposten vår!NøkkelinformasjonSøknadsfrist13. 08.

2025ArbeidsgivarHelse Møre og Romsdal HFStadMoldeStillingstittelSjukepleiarStillingar5Heiltid / DeltidHeiltidTilsetjingsformFast, VikariatStillingsprosent100Webcruiter-ID4996267490Sosial DelingDel på XDel på LinkedIn Del på Facebook Del på e-postArbeidsoppgåverSjukepleie til akutt og kronisk sjuke pasientar LegemiddelhandteringTverrfagleg samarbeidGjere seg kjent med og halde seg oppdatert på sengeposten sine gjeldande prosedyrar og retningslinerRettleiing av studentar og kollegaSamhandling med kommunehelsetenestaDelta i forbetringsarbeidKvalifikasjonarNorsk autorrisasjon som sjukepleiarDu må meistre norsk både skriftleg og munnlegRelevant erfaring kan bli vektlagtPersonlege eigenskaparDu er ansvarsbevisst og likar varierte utfordringarDu er fleksibel, strukturert, samt fag- og løysningsorientertDu har evne til å arbeide i team og samarbeide med andre profesjonarDu bidreg til vårt gode arbeidsmiljøÅ vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeidEin inkluderande arbeidsplassLøn etter gjeldande overeinskomstarMedlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkårVi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund.

Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her. Adresse: Molde sjukehus, 6412 Molde Opne vegbeskriving (i ny fane) KontaktinformasjonMette MalmeSeksjonslederE-post: mette. malme@helse-mr. noOm arbeidsgivarenVil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester.

Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga.

Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Forside - Helse Møre og Romsdal

Apply Now

You'll be redirected to the company's application portal

Application Success Tips

Resume Tailoring

Customize your resume to highlight skills and experiences relevant to this specific position.

Company Research

Learn about the company's mission, values, products, and recent news before your interview.

Profile Optimization

Ensure your LinkedIn profile is complete, professional, and matches your resume information.

Interview Preparation

Prepare thoughtful questions to ask about team dynamics, growth opportunities, and company culture.

Back to Job Listings