Job Description

Ønskjer du ein spennande leiarjobb i en organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag?Her har du ei leiarrolle som gir deg moglegheita til å gjere noko av betydning på kulturfeltet. Sunnhordland museum har mål om å vera ein profilert samfunnsaktør som gjennom sitt arbeid bidreg til å utvikla samfunnet med kunnskap om fortid, samtid og framtid i Sunnhordlandsregionen.Som direktør vil du ha ei sentral rolle i å vidareutvikla organisasjonen og museet si samfunsrolle. Me ser etter deg som evner å skape entusiasme for utvikling og fornying. Du har gode strategiske eigenskapar, samstundes som du speler andre gode og evner å skape tillit.Arbeidsstad vil vera ved Sunnhordland museum sitt hovudbygg som ligg i Leirvik på Sunnhordlandstunet.Ansvar og arbeidsoppgåverSom direktør får du det overordna ansvaret for museet. Du blir leiar for ein engasjert og fagleg dyktig stab på elleve personar som har som formål å yte sørvis til organisasjonen og bidra til ei god administrativ drift av museet.Sentrale arbeidsoppgåver og ansvar vil verastrategisk arbeid for å auke museet sine eigne inntekter og redusere sårbarheita for budsjettendringarrepresentasjon og kommunikasjon utadprosjektleiing knytt til nytt museumsbygg og andre utviklingsprosjektførebu saker for styret og setja styrevedtak ut i livetha god dialog med offentlege styresmakter og andre samarbeidspartnararvidareutvikla organisasjonen i tråd med den nasjonale museumspolitikkenKvalifikasjonar og personlege eigenskaperMe trur at vår nye direktør er ein tydeleg leiar som er synleg utad og har eit smittande engasjement. Du har gode leiareigenskapar med evne til å sjå og utvikle medarbeidarar, og skape eit trygt og godt arbeidsmiljø. Du er endringsvillig, offensiv og kreativ i møte med museet sine utfordringar. For å trivast i jobben trur me det er viktig at du har gode kommunikasjonsferdigheiter, motiveras av å jobba saman med andre og er oppteken av resultat og kvalitet.Vidare ønskjer me at du harrelevant høgare utdanning, men har du god erfaring kan dette kompensera for manglande formell utdanningerfaring frå endringsleiing og omstillingsprosessarpersonalleiarerfaringgod økonomiforståinggod evne til skriftlege framstillingar på nynorskMe høyrer gjerne meir om di erfaring og dei impulsane du kan ta med deg til Sunnhordland museum.Kvifor Sunnhordland museum? Me tilbyr ei spennande og viktig leiarstilling i ein kulturinstituasjon med stor tru på framtida.Stillinga gir moglegheit for å vere med på å forme framtida for museumssektoren i regionen.Du vil bli ein del av eit triveleg og uformelt miljø, omgitt av kollegaer med eit sterkt engasjement for arbeidsplassen sin og vårt oppdrag i samfunnet.Regionen har eit mangfaldig kulturtilbod, og moglegheitene for friluftsliv på fjell og fjord er aldri langt unna.Museet tilbyr konkurransedyktig løn og gode pensjons- og forsikringsordningar.Søknadsfrist: 2. januar 2026 – me vurderer søknader fortløpande.Ønskjer du meir informasjon om stillinga? Ta kontakt med rekrutteringspartnaren vår HAMNØY AS ved rådgjevarenTonje Lavik Hansen, tlf. 902 46 867Registrer og send inn CV og søknad, og hugs å legga ved alle relevante attestar og vitnemål. Rekrutteringspartnaren vår behandlar alle førespurnader konfidensielt – også overfor oss i Sunnhordland museum i den innleiande fasen. Tiltreding etter nærare avtale.

Job Application Tips

  • Tailor your resume to highlight relevant experience for this position
  • Write a compelling cover letter that addresses the specific requirements
  • Research the company culture and values before applying
  • Prepare examples of your work that demonstrate your skills
  • Follow up on your application after a reasonable time period