Elektroingeniør/-sivilingeniør Norconsult Sogn og Fjordane
Posted: 6 days ago
Job Description
Vil du vere med å forme elektroinstallasjonar for framtida?I Norconsult kan du få vere med på akkurat det. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vi kvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Elektromiljøet i Norconsult jobbar målretta med planlegging av smarte løysningar for bygg, samferdsel og industri.Norconsult har Norges desidert største fagmiljø innan rådgjeving og prosjektering av elektrotekniske anlegg med over 450 kompetente elektrorådgjevarar på landsbasis. Vi tilbyr komplette tenester innen elektrorådgjeving; frå moglegheitsstudiar og prosjektering til oppfølging under bygging.Vi ser etter deg som ønskjer å vere med og byggje opp eit elektro-miljø i Sogn og Fjordane i tillegg til å vidareutvikle deg sjølv fagleg og dele av din kunnskap til andre medarbeidarar. Du vil få ei sentral rolle i eitt tverrfagleg rådgjevarmiljø, med høg fagleg kompetanse og samarbeid på tvers av våre kontor og regionar.Bli med å jobbe for ein meir berekraftig bygg og eigedomsbransje!Vi jobbar med både eksisterende og nye bygg med prosjektering og rådgjeving innan elektroteknikk, EKOM og automasjon i bygg, med fokus på berekraftige og energieffektive løysingar. Oppdraga varierer over eit breidt spekter av prosjekt innan t.d. næringsbygg, undervisning, helse og omsorgsbygg, hotell, idrettsanlegg og parkeringsanlegg inkludert ladeanlegg for el-bilar.Kandidater med erfaring frå industri og/eller samferdsle er også velkomne til å søke. Hos oss kan du vere med å utvikle berekraftige samferdsels- og industriløysingar for framtida – vi prosjekterer elektrotekniske anlegg for alt frå veg, bane og lufthamn til grøn industri og energigassar. Med sterk kompetanse innan elektrifisering og automatisering bidreg vi i alle fasar av prosjekt, frå tungindustri til farmasi og fornybar energi.Norconsult Sogn og Fjordane har kontor i Førde, Flekke, Sogndal, Gaupne, Årdal, Lærdal, Sandane og på Nordfjordeid, med over 90 medarbeidarar totalt. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, VVS, landmåling, geoteknikk, industri/maskin, ingeniørgeologi, miljø, konstruksjon, brann, akustikk, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.Vi søkjer etter dyktig og erfaren sivilingeniør eller ingeniør med minst 3-5 års relevant erfaring innan elektro- og byggautomasjonsteknikk frå rådgjevar- eller entreprenørbransje. Fagbrev som elektromontør el.l i tillegg er eit pluss.Vi set pris på om du Har eigne kunderelasjonar og stort kontaktnettHar erfaring innan oppdragsleiing og evne til å leie team i oppdragEr effektiv og tek iniativEr sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team – ein god relasjonsbyggjarØnskjer å vere med på å skape eit godt arbeidsmiljøHar erfaring med 3D-modellering og BIMDine arbeidsoppgåver vil vere Planlegging og prosjektering av elektro-installasjonar innan bygg og anleggModellering og varierte arbeidsoppgåver i ulike fasar av prosjekt.Utarbeiding av konkurransegrunnlag og kostnadsoverslagBruk av DAK/BIM-verktøy, visualiserings- og innsynsmodellarTverrfagleg koordineringOppdragsleiing og oppfølging på byggeplassKundeoppfølging, marknadsføring og sal/tilbodsarbeidKvalifikasjonar Utdanning som sivilingeniør (M.Sc.) eller ingeniør (B.Sc.) eller tilsvarande innan elektroEr flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norskHjå oss får du Varierte og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver innan fag og prosjektleiing der du har moglegheit til å utvikle deg sjølv og kollegaene dineSpennande moglegheiter for kompetanseheving og karriereutvikling innan marknad, fag, linje og oppdragFleksibel arbeidstidFri heile jule- og påskevekaSommartid med 7-timarsdag frå starten av juni til midten av augustMoglegheit til å bidra i selskapet si utvikling innan berekraft, digitalisering og samarbeidSterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografiInterne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement/turar, firmahytter, mm.Gode lønns- og arbeidsvilkårGode aksjeprogram for eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedriftFadderordning og kompetanseutviklingsplanEige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)Innsending av søknad Søknad med CV, vitnemål og attestar skal sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på Norconsult sine internettsider. Innkomne søknader vert handsama fortløpande. Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama. Oppgje i søknaden kva kontorstad du primært ønskjer.Norconsult Norconsult er et ledende nordisk rådgiverselskap. Vi kombinerer ingeniørfag med arkitektur og digital kompetanse, på tvers av små og store prosjekter i privat og offentlig sektor, innen infrastruktur, energi og industri, bygg, eiendom og arkitektur. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med formålet «Hver dag forbedrer vi hverdagen», søker vi stadig etter mer bærekraftige, effektive og samfunnsnyttige løsninger. Med hovedkontor i Sandvika i Norge og om lag 6 600 medarbeidere fordelt på over 140 kontorer i Norge, Sverige, Danmark, Island, Polen og Finland, kombinerer vi tverrfaglig kompetanse med lokal tilstedeværelse. (Tall pr. andre kvartal 2025)For Norconsult er det en grunnleggende forutsetning at alle mennesker er likeverdige. Målet er at våre medarbeidere skal ha de samme mulighetene til å nå sitt fulle potensial uavhengig av hvem de er eller hvordan de identifiserer seg. Et bredere spekter av perspektiver hjelper oss å forstå alle deler av samfunnet, utfordrer oss i våre oppdrag og fører til en høyere grad av innovasjon. Vi ønsker derfor medarbeidere med ulik bakgrunn og erfaring velkommen.Vi ser frem til å motta din søknad!
Job Application Tips
- Tailor your resume to highlight relevant experience for this position
- Write a compelling cover letter that addresses the specific requirements
- Research the company culture and values before applying
- Prepare examples of your work that demonstrate your skills
- Follow up on your application after a reasonable time period