AF Gruppen

Energimontører Florø og omegn

Posted: 4 hours ago

Boost Your Application

Stand out with our professional, ATS-friendly resume templates designed to get you noticed by recruiters.

Download Resume Templates

Job Description

Ingeniør- og entreprenørselskapet AF Elkraft er ekspert på elektrisk infrastruktur. Vi har høge ambisjonar i eit marknad som gir oss gode vekstmoglegheiter, og vi søkjer menneske som ønskjer å finne dei beste løysingane for kundane våre, og som vil bidra med kompetansen og forståinga si i fagmiljøet vårt.For å setje fart på elektrifiseringa og det grøne skiftet treng Noreg «meir av alt». Meir grøn kraftproduksjon, eit utvida og forsterka straumnett og auka elektrifisering av industri, transport og anna næringsliv.– Søk no og bli med på å byggje ei berekraftig framtid saman med oss!Vi søkjer i utgangspunktet etter to energimontørar. Dei må vere engasjerte, sjølvstendige og dyktige i faget, og kunne jobbe i team. Oppdraga vil i hovudsak tilhøyre Linja sitt område i det gamle SFE, omtalt i miljøet som Sone 3, og strekkjer seg frå Stadtlandet i nordvest til Gloppen i aust og Askvoll i sør. Det er ein fordel om du bur i dette området og har kjennskap til nettet, då aktiviteten i stor grad vil gå føre seg her. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag, gode utviklingsmoglegheiter og eit sterkt fagmiljø.Arbeidsoppgåver Drift, vedlikehald og nyanlegg på distribusjonsnett (høg- og lågspent), samt vakt og bedredskap. Feilsøking og utbetring ved straumbrot Arbeid i høgda og med spenningsførande anlegg Dokumentasjon og rapportering i digitale system Samarbeid med kollegaer, kundar og entreprenørarKvalifikasjonar Fagbrev som energimontør Førarkort klasse B (klasse BE er ein fordel) Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg Erfaring med arbeid på distribusjonsnett HMS-fokus og evne til å jobbe sjølvstendig og i teamVi tilbyr Eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø Gode pensjons- og forsikringsordningar Fleksibel arbeidskvardag og moglegheit for lokal tilhøyrsle Moderne verktøy og utstyr Moglegheit for vidareutvikling og kursVi søkjer deg som trivst med, og har erfaring frå, arbeid med drift- og vedlikehaldstenester. Du er fagleg dyktig, strukturert og har gode leiar- og samarbeidseigenskapar. Du har erfaring med arbeid på nettstasjonar og linjearbeid, og trivst med arbeid i høgda. Du er løysingsorientert, har høgt fokus på helse, miljø og tryggleik, og tek initiativ i forbetringsarbeidet.Søknadsfristen er torsdag 26. mars. Det blir oppmoda om å søkje så tidleg som mogleg, då vi fortløpande vil ta inn aktuelle kandidatar til intervju.

Job Application Tips

  • Tailor your resume to highlight relevant experience for this position
  • Write a compelling cover letter that addresses the specific requirements
  • Research the company culture and values before applying
  • Prepare examples of your work that demonstrate your skills
  • Follow up on your application after a reasonable time period

You May Also Be Interested In