Boost Your Application

Stand out with our professional, ATS-friendly resume templates designed to get you noticed by recruiters.

Download Resume Templates

Job Description

Fagkokk/kokk Seksjon for kjøkken og kantine SNR, Helse Møre og Romsdal HFSøk på stillinga (i ny fane)Om stillingaVi søkjer etter ein fagkokk/kokk med funksjon som driftskoordinator til kafeen vår.Kafeen har blitt ein attraktiv møteplass, og vi ønskjer ein person som kan ivareta og vidareutvikle tilbodet. Kafeen er open kvar dag heile året, også i helger og høgtider.Vi tilbyr eit breitt utval av både varm og kald mat, salatbuffet, drikke, kioskvarer, vekeblad og gåveartiklar. Vi driv òg ein ubetent kiosk med smart vareskap med ulike typar drikke, mat og kioskvarer. I tillegg drifter vi ein Espresso House-baristastasjon.Vi søkjer no etter ein kokk med fagbrev, og/eller søkjarar med relevant erfaring frå kafe, kantine, hotell eller restaurant, som kan gå inn i funksjon som driftskoordinator. Vi har ledig ei 100 % fast stilling, med oppstart snarast, eller etter avtale med seksjonsleiar.Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.NøkkelinformasjonSøknadsfrist18.03.2026ArbeidsgivarHelse Møre og Romsdal HFStadHjelsetStillingstittelFagkokk/kokkStillingar1Heiltid / DeltidHeiltidTilsetjingsformFastStillingsprosent100Webcruiter-ID5076902210Sosial DelingDel på XDel på LinkedIn Del på Facebook Del på e-postArbeidsoppgåverDagleg ansvar for drift av kafé og ubetent kioskBestille mat og drikke fra produksjonskjøkkenetTilberedning og servering av mat og drikkeAktiv bruk av seksjonen sitt kvalitetssystemBruk av seksjonen sine digitale verktøyKvalifikasjonarØnskeleg med fagbrevRelevant erfaring kan kompensere for fagbrevØnskeleg med erfaring fra kafé, kantine, hotell eller restaurantGode norskkunnskapar, både munnleg og skriftlegPersonlege eigenskaparGod evne til teamarbeid – men arbeider òg godt sjølvstendigDu er serviceinnstiltGode kommunikasjonsevner i møte med kundarAnsvarsbevisst og pålitelegPositiv til endringar og liker utfordringarDu trivs i eit aktivt og travelt miljøInititativrikKreativ og berekraftig bruk av råvarerVi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeidEin inkluderande arbeidsplassLøn etter gjeldande overeinskomstarMedlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkårMolde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er ei perle på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.Adresse: Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR), Opdølvegen 4, 6450 Hjelset, Norge Opne vegbeskriving (i ny fane) KontaktinformasjonEli Nytun SætherSeksjonsleiarE-post: Eli.Nytun.Sether@helse-mr.noOm arbeidsgivarenVil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Job Application Tips

  • Tailor your resume to highlight relevant experience for this position
  • Write a compelling cover letter that addresses the specific requirements
  • Research the company culture and values before applying
  • Prepare examples of your work that demonstrate your skills
  • Follow up on your application after a reasonable time period

You May Also Be Interested In