Monday, October 27, 2025

Job Description

Fagradiograf RADIOLOGI VOLDA, Helse Møre og Romsdal HFSøk på stillinga (i ny fane)Om stillingaEr du ein radiograf med eit brennande engasjement for fagutvikling og kvalitet i pasientbehandling? Radiologisk avdeling ved Volda sjukehus søkjer no ein dedikert og strukturert fagradiograf til ei 100 % fast stilling innan konvensjonell radiologi. Hos oss får du høve til å vere ein nøkkelperson i vidareutviklinga av faget, med ansvar for dagleg drift, opplæring og fagleg rettleiing. Vi tilbyr eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø, moderne fasilitetar og ein variert kvardag i eit sjukehus i spennande utvikling.Radiologisk avdeling i Volda har éin CT, éin MR, tre skjelettrøntgen-laboratorium, samt ultralyd og osteodensitometri. Vi har eit stabilt arbeidsmiljø og ein variert arbeidskvardag. I dag har seksjonen 16 radiografstillingar, der 14 går i rullerande 3-delt turnus.Volda sjukehus har traumefunksjon og er i stor utvikling, med både utviding og oppgradering av fasilitetane. Avdelinga har nyleg fått eit nytt påbygg og ny MR-maskin, ny konvensjonell lab og ny CT vert installert i starten av 2026.Vi ser fram til å motta din søknad og til å bli betre kjent med deg som ønskjer å bidra til vidare utvikling av radiografifaget ved Volda sjukehus. Har du spørsmål om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med oss for ein uforpliktande samtale.Ved intern tilsetting kan det bli ledig ei fast stilling som radiograf.Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.NøkkelinformasjonSøknadsfrist11.11.2025ArbeidsgivarHelse Møre og Romsdal HFStadVoldaStillingstittelFagradiografStillingar1Heiltid / DeltidHeiltidTilsetjingsformFastStillingsprosent100Webcruiter-ID5026841855Startdato02.02.2026Sosial DelingDel på XDel på LinkedIn Del på Facebook Del på e-postArbeidsoppgåverSikre stabil og kvalitativ drift av konvensjonell røntgenAnsvar for opplæring av nytilsette og studentar innan konvensjonell røntgenPlanlegging og gjennomføring av internundervisning for tilsetteUtarbeiding, oppdatering og vedlikehald av prosedyrar og protokollar i tråd med gjeldande retningslinjer og fagleg utviklingBidra til kontinuerleg kvalitetsforbetring og fagutvikling innan fagområdetVere bindeledd mellom radiografar og leiar ved behov for fagleg avklaring eller utviklingKvalifikasjonarAutorisasjon som radiograf med norsk godkjenningMå beherske norsk godt, både skrifteleg og muntlegDet er ein fordel om du har erfaring fra tilsvarande arbeidSøkar må ønske å bidra til eit utviklande fagmiljø og eit godt arbeidsmiljøPersonlege eigenskaparSjølvstendig, fokusert og ansvarsbevisstLærevillig og fagleg nysgjerrigPositiv, med gode samarbeids- og kommunikasjonsevnerInitiativrik, fleksibel og handlekraftigMotivert av varierte oppgåver og ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljøPersonlege eigenskapar og samarbeidsevner vil bli vektlagde ved tilsetjing.Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeidEin inkluderande arbeidsplassLøn etter gjeldande overeinskomstarMedlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkårOm VoldaMidt mellom fjord og fjell finn du Volda – eit fantastisk utgangspunkt for naturopplevingar i Sunnmørsalpane. Her finn du alt frå enkle turstiar til spektakulære toppturar. Regionen har eit rikt kultur- og idrettstilbod, samt eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode kommunikasjonar, med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn.Sjå meir om Volda her og her.Adresse: Volda Hospital, Kløvertunvegen 1, 6103 Volda, Norge Opne vegbeskriving (i ny fane) KontaktinformasjonLisbeth Skipenes AndersenSeksjonsleiarE-post: lisbeth.andersen@helse-mr.noOm arbeidsgivarenVil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Job Application Tips

  • Tailor your resume to highlight relevant experience for this position
  • Write a compelling cover letter that addresses the specific requirements
  • Research the company culture and values before applying
  • Prepare examples of your work that demonstrate your skills
  • Follow up on your application after a reasonable time period

Related Jobs