Infrastrukturspesialist IT nettverk
Posted: 16 hours ago
Job Description
Om Statens vegvesenStatens vegvesen er hjartet i Noregs vegsektor, og vi jobbar kvar dag for å sikre eit effektivt, trygt og heilskapleg transportsystem. Som den største aktøren innan vegtransport i Noreg, har vi ansvaret for riks- og europavegane, samt tryggleiken til alle som ferdast langs vegen. Vårt oppdrag er å planleggje, byggje, drifte og vedlikehalde denne kritiske infrastrukturen.Vi utviklar regelverk og standardar som gjeld for alle vegeigarar i Noreg, og gjennom vårt arbeid med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og digitale tenester, sørgjer vi for at både folk og næringsliv har tilgang til enkle, effektive, trygge og miljøvennlege transportmoglegheiter.Statens vegvesen består av to forvaltningsnivå - eit direktorat og seks landsdekkande divisjonar, som saman jobbar for å gjere vegane våre betre for alle.Divisjon IT har eit heilskapleg ansvar for at all digitalisering i Vegvesenet blir gjord framtidsretta, smidig og sikkert på tvers av fagområda til etaten. Divisjonen varetek utvikling av dei digitale kanalane til etaten og tenester, er partnar for fagsida og ein pådrivar for innovasjon og utvikling av nye, brukarvennlege løysingar. Vi støttar fagsida frå idé til realisering, med smidige prosjekt og leveransar. Divisjonen har over 450 medarbeidarar over heile landet, med hovudkontor i Drammen.Me søkjer senior infrastrukturspesialist nettverk!På Infrastruktur og drift IT er me teamorganiserte på tenesteleveransane, medan seksjonane har ansvar for medarbeidarane. Infrastruktur 3 arbeider med drift og forvaltning av WAN, LAN og -WIFI på alle kontorstadane våre og sentralt nettverk mot datasentera våre. Me planlegg større utskiftingar av ruterar, switcher og andre HW-komponentar i nettet vårt. I tillegg automatiserer og virtualiserer me fleire tenester. Me har også ansvar for fleire fjernaksess løysningar basert på VPN nettverk. Vi jobbar med nyaste nettverksteknologi frå leverandørar som Juniper, Cisco DNA/ISE, Big-Ip F5 lastbalansering og Palo Alto brannmurar. Vi søkjer no deg som ønskjer å arbeida med drift og utvikling av kritisk nettverksinfrastruktur i kjernenettverket vårt. Stillinga er geografisk plassert på hovudkontoret i Drammen og me ønskjer snarleg tiltreding. Vi oppmodar kvinner spesielt til å søkje på stillingar i Statens vegvesen IT.Kvifor skal du velja oss?Som medarbeidar i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsløysingane på ditt fagfelt. Me gir deg ansvarsfulle oppgåver og du får utvikla deg, både fagleg og personleg, i takt med dei nye utfordringane våre. Hos oss vil du ha store høve til å kunna forma din eigen arbeidskvardag og jobba med alle dei nyaste teknologiane innanfor området. Kontinuerleg vidareutvikling av kompetansen er ein naturleg del av kvardagen.Me tilbyr god opplæring, onboardingsprogram og buddyordning spennande arbeidsoppgåver i eit svært kompetent IT-miljø med gode utviklingsmoglegheiter i ein kultur som oppmodar til fagleg påfyll godt arbeidsmiljø i nytt kontorbygg med universell utforming. Me har gode moglegheiter for individuell tilrettelegging ved behov for hjelpemiddel i arbeidskvardagen. Stillinga er tilrettelagd for deltid (minimum 50 %). fleksitid og gode ordningar for avspasering, moglegheit for trening i arbeidstida, eller støtte til andre treningsaktivitetar god pensjonsordning og moglegheiter for bustadlån i Statens pensjonskasseLønn blir avtalt basert på kompetanse og erfaring i samsvar med lønnspolitikken vår.KvalifikasjonarRelevant høgare utdanning, min. 3 år. For kandidatar med sterk og relevant arbeidserfaring for dei aktuelle fagområda, og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast. Om du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår me ei autorisert omsetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet)Min. 5 år relevant arbeidserfaring - det er for denne stillinga ein stor fordel om du har kjennskapar til systema me bruker i Statens vegvesen. God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.For å vere aktuell for den ledige stillinga er det ein føresetnad av du kan bli tryggleiksklarert til nivå begrenset.Me ser etter deg som er initiativrik og nysgjerrig, har god gjennomføringsevne og er løysingsorientert. Det er viktig for oss at du er strukturert og analytisk. Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner er viktige. Me er opptekne av å byggje fagmiljø, og ønskjer at du er ein god bidragsytar til å dela i teamet.Om søknadsprosessenKrav til søknadenVi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fyll ut felta for "Utdannelse" og "Arbeidserfaring", og last opp vitnemåla dine og eventuelle attestar. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine.Testar og bakgrunnssjekkFor å sikre at vi finn den beste kandidaten, kan vi bruke arbeidspsykologiske testar som ein del av rekrutteringsprosessen vår. Desse testane gir oss innsikt i eigenskapane og ferdigheitene dine, og hjelper oss med å gjere ei rettferdig og objektiv vurdering, slik at vi finn den best kvalifiserte kandidaten. Vi gjennomfører også bakgrunnssjekk for å verifisere informasjon som er viktig for rekrutteringsprosessen.Positiv særbehandlingVi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling.Søkjarlista er offentlegDersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.
Job Application Tips
- Tailor your resume to highlight relevant experience for this position
- Write a compelling cover letter that addresses the specific requirements
- Research the company culture and values before applying
- Prepare examples of your work that demonstrate your skills
- Follow up on your application after a reasonable time period