Job Description

Vil du skape innhald som engasjerer og inspirerer?Vi i Alexandra-konsernet ser etter deg som vil vere med å formidle historia om fjord, fjell og ekte opplevingar – til heile verda.Alexandra-konsernet er eit av dei leiande reiselivskonserna på Vestlandet, og består av Hotel Alexandra, Hotel Loenfjord, Loen Skylift, Loen Active, Hoven Restaurant, Loen Play og Loen Apartments. Hos oss møter du eit unikt fellesskap som kvar dag jobbar for å skape minner som varer livet ut – midt i noko av Noregs vakraste natur.No søkjer vi ein engasjert innhaldsprodusent som vil vere med å løfte vår digitale stemme. Du blir ein del av marknad- og salssteamet i Loen, og får vere med på å vise fram opplevingane, menneska og historia bak ein av landets mest ikoniske destinasjonar.Kort fortaltSom innhaldsprodusent i Alexandra-konsernet får du ansvar for å produsere og publisere innhald på tvers av kanalar; sosiale medier, nettsider, presentasjonar, nyheitsbrev, kampanjar og profilmateriell. Du sørgjer for at vår tone, uttrykk og forteljing kjem tydeleg fram, og at innhaldet vårt skapar engasjement, inspirasjon og reiselyst.Du blir ikkje åleine, sjølv om du får ditt eige fagområde. Du blir del av eit dedikert team som samarbeider tett for å skape heilskaplege og inspirerande opplevingar. Saman skal vi vise fram det beste av Loen, og vidareutvikle korleis vi møter gjestane våre på nett.ArbeidsoppgåverI denne rolla vil du mellom anna:Produsere, redigere og publisere innhald til ulike kanalar: sosiale medier, nettsider, presentasjonar og nyheitsbrevFange og formidle stemninga i Loen gjennom foto, video og tekstBidra til kampanjar og innhald som løfter merkevarene i konsernetOptimalisere innhald for synlegheit og engasjementSamarbeide med resten av marknadsteamet for å styrke den digitale reisa til gjestene våreAnalysere effekt av innhald og bidra til kontinuerleg forbetringKven vi ser etterVi trur du kjenner deg igjen i dette:Du har relevant utdanning innan marknadsføring, kommunikasjon, medier eller liknandeDu har 2-3 års erfaring med digital kommunikasjon, innhaldsproduksjon og redaksjonelt arbeid.Du er kreativ og har sans for god historieforteljingDu er trygg på tekst, og har evne til å formidle både stemning og faktaDu forstår korleis visuelt innhald og språk påverkar engasjement i digitale kanalar, til ulike målgrupperDu har kompetanse på foto, video og publisering i sosiale medierDu jobbar strukturert, men trivst med høgt tempo og samarbeidErfaring med SEO og analyse er eit pluss, men ikkje eit kravErfaring frå reiseliv, natur- eller opplevingsbasert kommunikasjon er eit pluss, men ikkje eit krav.PS: Vi veit at ingen kan alt. Trur du dette kunne vore noko for deg, vil vi gjerne høyre frå deg!Vi tilbyrSom innhaldsprodusent i Alexandrakonsernet får du:Moglegheita til å formidle noko av det vakraste og mest ikoniske Noreg har å by påEin kreativ kvardag med rom for initiativ, idéar og fagleg utviklingEit sterkt og inkluderande arbeidsmiljø, omgitt av fjord, fjell og inspirasjonTett samarbeid med kollegaer som brenn for reiseliv, gjesteglede, utvikling og kvalitetKonkurransedyktige vilkår og fleksibel kvardagEr du klar for å formidle magien frå Loen? Send oss søknad, CV og gjerne portfolio, og fortel korleis du vil bidra til å løfte Loen som reisemål.  

Job Application Tips

  • Tailor your resume to highlight relevant experience for this position
  • Write a compelling cover letter that addresses the specific requirements
  • Research the company culture and values before applying
  • Prepare examples of your work that demonstrate your skills
  • Follow up on your application after a reasonable time period

You May Also Be Interested In