Wednesday, October 29, 2025
Voss herad

Konsulent innbyggjarservice

Posted: 6 days ago

Job Description

Ledig konsulentstilling i innbyggjarserviceMe har ledig stilling som konsulent i stabsavdeling innbyggjarservice, hovudsakleg knytt til arkiv og dokumentsenter. Vil du vera med å utvikla Voss herad, søkjer du jobb hjå oss. Dette er ei fast stilling i 100 prosent, som er ledig frå 1. januar 2026Om ArbeidsstadenStabsavdeling innbyggjarservice er ein del av rådmannen sin stab. Målet vårt er å ha kjekke dagar der me opplever både meistring og utvikling. Stabsavdelinga har mange oppgåver som må løysast kvar dag for at organisasjonen skal fungera mest mogleg effektivt, og for at innbyggjarane skal få gode tenester. Avdelinga er delt i to team, der eine teamet har ansvar for arkiv og dokumentsenter, det andre for service og publikumskontakt.Me Har Ansvar For Mellom Anna Desse Oppgåvenesak- arkivsystempostmottak og registreringjournalføring, arkiv og innsynservicetorg og sentralbordkommunikasjon, nettsider og elektroniske skjemapolitisk sekretariatgjennomføring av både stortingsval og kommune- og fylkestingsvalformidling av startlån og tilskot til bustadpersonvern og informasjonssikkerheitkommunal vigselArbeidsoppgåverDu skal ikkje jobba med alle desse oppgåvene.Til stillinga som er ledig ligg det i utgangspunktet oppgåver som arkivarbeid, dokumentkontroll og journalføring, men også andre oppgåver i avdelinga må påreknast.Avdelinga har ansvar for sak- og arkivsystemet Acos Websak, som Voss herad nyttar. Den som vert tilsett må pårekna å bistå i drift av dette systemet, inkludert brukarhjelp til organisasjonen og bidra til ein effektiv og god bruk av systemet.KvalifikasjonarMe ynskjer at du har utdanning på bachelornivå innan relevante fag, til dømes dokumentasjonsforvaltning, arkivfag eller andre administrative fag.Relevant erfaring kan kompensera for dette, og gjera at lågare utdanningsgrad vert vurdert.Det er ein fordel, men ikkje krav, om erfaring med dokumentasjonsforvaltning eller arkivarbeid i offentleg sektor.Personlege EigenskaparMe leitar etter deg som er strukturert, nøyaktig og systematisk. Men du må også vera fleksibel og ikkje vera redd for å prøva nye ting.Me er Voss herad sitt ansikt ut mot innbyggjarane, så du må lika folk og vera serviceinnstilt. Du kjem langt med å vera blid og løysingsorientert. Me har også viktige oppgåver som handlar om å hjelpa organisasjonen, og fleire av oppgåvene våre er viktige for at organisasjonen elles skal fungera best mogleg.Det er godt arbeidsmiljø i stabsavdelinga, og den som vert tilsett må vera budd på å bidra til å oppretthalda og utvikla det gode arbeidsmiljøet vårt. Personlege eigenskapar vil verta vektlagt.Me Tilbyrgodt arbeidsmiljømeiningsfulle oppgåver både for Voss herad sin organisasjon og innbyggjarane gode forsikrings- og pensjonsordningar løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.  Hugs å gje opp referansar.  Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga.

Job Application Tips

  • Tailor your resume to highlight relevant experience for this position
  • Write a compelling cover letter that addresses the specific requirements
  • Research the company culture and values before applying
  • Prepare examples of your work that demonstrate your skills
  • Follow up on your application after a reasonable time period

Related Jobs