Monday, October 27, 2025

Job Description

Lege før turnusteneste Avdeling for Tverrfagleg Spesialisert Rusbehandling(TSB)Helse Møre og Romsdal HFSøk på stillinga (i ny fane)Om stillingaEr du klar for nye utfordringar? Vil du jobbe i ei spennande legestilling hos oss ved Ålesund behandlingssenter, Helse Møre og Romsdal HF?Vi søkjer ein lege med interesse og engasjement for rusfeltet, som vil vere med på å vidareutvikle eit godt og heilskapleg behandlingstilbod for pasientar innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB).Vi har ledig 1 x 100 % vikariat for lege før turnusteneste ved Avdeling for TSB, Ålesund behandlingssenter.Avdeling for TSB i Helse Møre og Romsdal HF gir tverrfagleg spesialisert behandling til rusavhengige over 18 år. Ålesund behandlingssenter tilbyr avrusing, korttids døgnbehandling og poliklinisk oppfølging. Vi gir utgreiing og behandling til rusavhengige og deira pårørande gjennom både individuelle samtalar og gruppeterapeutiske tilnærmingar.Du er velkomen som søkar!NøkkelinformasjonSøknadsfrist27.10.2025ArbeidsgivarHelse Møre og Romsdal HFStadÅLESUNDStillingstittelLege før turnustenesteStillingar1Heiltid / DeltidHeiltidTilsetjingsformVikariatStillingsprosent100Webcruiter-ID5031320586Startdato24.11.2025Sluttdato31.08.2026Sosial DelingDel på XDel på LinkedIn Del på Facebook Del på e-postArbeidsoppgåverVarierte oppgåver knytte til avdelinga si verksemd, avhengig av seksjon (mottak, abstinensbehandling, utgreiing, behandling, tverrfaglege drøftingar m.m.)Tverrfagleg samarbeidDeltaking i avdelinga si vaktordningKvalifikasjonarNorsk autorisasjon som lege, eller midlertidig lisens (stud.med.)Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftlegPersonlege eigenskaparGode samarbeidsevner og kommunikasjonsevnerFleksibel og løysingsorientertFagleg engasjertPersonleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetjingVi tilbyrRettleiing frå erfarne overlegarEit sterkt og engasjert tverrfagleg arbeidsmiljøEin inkluderande og utviklingsorientert arbeidsplassLøn etter gjeldande tariffavtalarMedlemskap i god offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkårVi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.Adresse: Vestmoa 27, 6018 ÅLESUND, Norge Opne vegbeskriving (i ny fane) KontaktinformasjonSiri-Mette Dragsund HoffSeksjonsleiarE-post: Siri.Mette.Dragsund.Hoff@helse-mr.noOm arbeidsgivarenVil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Forside - Helse Møre og Romsdal

Job Application Tips

  • Tailor your resume to highlight relevant experience for this position
  • Write a compelling cover letter that addresses the specific requirements
  • Research the company culture and values before applying
  • Prepare examples of your work that demonstrate your skills
  • Follow up on your application after a reasonable time period

Related Jobs