Wednesday, October 29, 2025
Central Norway Regional Health Authority

Lege i spesialisering Barnesjukdommar

Posted: 8 hours ago

Job Description

Lege i spesialisering Barnesjukdommar Legar barn og ungdom Ålesund, Helse Møre og Romsdal HFSøk på stillinga (i ny fane)Om stillingaVi har ledige vikariat for lege i spesialisering innan barnesjukdomar ved Barne- og ungdomsavdelinga i Ålesund.2 x 100% vikariat i perioda 01.01.26 - 31.08.261 x 100% vikariat i perioda 01.03.26 - 31.08.26Er du nysgjerrig på korleis det er å arbeide med barn eller har du lyst til å auke kompetansen din innan barne- og ungdomsmedisin? No har du mogelegheita til bli kjend med barnemedisinen i trygge omgjevnader i vår flotte avdeling!Vi har høgt fokus på trygg og forsvarleg spesialistutdanning. LIS deltek på kurs etter plan og får også delta på nasjonale møter i barnemedisin. Vi er ei avdeling med mykje aktiv forsking og legg til rette for forsking ved sida av klinikk. Vi har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.Avdeling for barnemedisin og habilitering har ansvar for barnemedisinske pasientar frå GA 26 veker - 18 år i heile fylket. Vi har spesialistar som dekkjer alle subspesialitetar innan barnesjukdomar. Avdelinga har til saman seks seksjonar som er lokalisert i Ålesund og på Hjelset.I Ålesund finn ein sengepost for barn og ungdom, nyfødd intensiv, dagbehandling og poliklinikk for barn og ungdom og habiliteringseining. Avdelinga i Ålesund er lokalisert i eit eige bygg og er organisert som eit barnesenter. Vi har her tre vaktsjikt: primærvakt, generell bakvakt og tertiærvakt for neonatolog. Primærvakt er for tida 8-delt, generell bakvakt 8 delt og tertiærvakt nyfødtmedisin 5 delt.Vil du vere med og gjere ein skilnad for dei yngste pasientane? Søk i dag og bli ein del av vårt engasjerte team!NøkkelinformasjonSøknadsfrist12.11.2025ArbeidsgivarHelse Møre og Romsdal HFStillingstittelLege i spesialisering BarnesjukdommarStillingar3Heiltid / DeltidHeiltidTilsetjingsformVikariatStillingsprosent100Webcruiter-ID5028432270Sosial DelingDel på XDel på LinkedIn Del på Facebook Del på e-postArbeidsoppgåverDelta i avdelinga si gjeldande vaktordningDelta i dagleg postarbeid og poliklinikkKvalifikasjonarSøkjarar må ha norsk autorisasjon som legeGodkjent del 1 av spesialistutdanninga (LIS 1) eller turnusteneste etter gammal ordningMestre norsk språk, både skriftleg og munnlegPersonlege eigenskaparDu har gode evner til tverrfagleg samarbeid og samhandling med kollegaer og samarbeidspartnararÅ vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.Vi tilbyrEit triveleg arbeidsmiljøHøgt fagleg nivåFokus på god spesialistutdanningSterkt tverrfagleg samarbeidEin inkluderande arbeidsplassLøn etter gjeldande overeinskomstarMedlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkårVi ber om attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!Adresse: Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Norge Opne vegbeskriving (i ny fane) KontaktinformasjonChristine Vaksdal NilsenSeksjonsleder (lege)E-post: Christine.Vaksdal.Nilsen@helse-mr.noOm arbeidsgivarenVil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Job Application Tips

  • Tailor your resume to highlight relevant experience for this position
  • Write a compelling cover letter that addresses the specific requirements
  • Research the company culture and values before applying
  • Prepare examples of your work that demonstrate your skills
  • Follow up on your application after a reasonable time period

Related Jobs