Tuesday, October 28, 2025
Mercuri Urval

Leiar for økonomiseksjonen i Vestland Fylkeskommune

Posted: 2 hours ago

Job Description

Vestland fylkeskommune er på utkikk etter ein dyktig leiar for vår sentrale økonomiseksjon. Er du ein engasjert leiar med solid erfaring frå økonomifeltet? Då kan du bli med på å forme framtida til Vestland fylke!Stillinga som seksjonsleiar inngår i leiargruppa til organisasjons- og økonomidirektøren. Som leiar for økonomiseksjonen vil du ha ansvar for 27 tilsette, med 7 direkte rapporterande. Du vil ha ei sentral rolle i budsjettprosessen, rapportering og økonomisk styring. Oppgåvene inkluderer handtering av driftsinntekter på rundt 18 milliardar kroner og eit investeringsbudsjett på om lag 4,7 milliardar kroner.Dine oppgåver inkluderer koordinering av den sentrale budsjettprosessen, overordna ansvar for månadleg lønnsutbetaling, rekneskapsarbeid og rapportering, som omfattar kvartalsrapportar til fylkesdirektøren samt tertial- og finansrapportar til fylkestinget. Leiaren har også ansvar for årsrekneskap, likviditetsstyring, finansiering av investeringar og forvaltning av konsesjonskraftporteføljen. I tillegg skal leiaren sørge for god personalutvikling for medarbeidarane i seksjonen, samt strategisk rådgjeving til fylkesdirektøren og andre leiarar om økonomisk politikk og utvikling.Vi ønskjer oss søkarar med:Høgare økonomisk utdanning, gjerne siviløkonom eller MBASolid leiarerfaring og innsikt i offentleg økonomiErfaring med rekneskapsføring og budsjettprosessar, gjerne også fagleg kjennskap til lønnsområdetSærs gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg.Sterk interesse for digitalisering og innovative teknologiske løysingarVi tilbyr:Ein trygg og interessant arbeidsplass i moderne lokaler sentralt i BergenEi sentral rolle i utviklinga av fylket, med moglegheit for fagleg vekstKonkurransedyktig løn og gode pensjonsordningarFor ytterlegare informasjon om stillinga, vennleg kontakt Mercuri Urval (MU) ved Ragnhild Rabbe Sandven, tlf 941 21 369 eller Gro Reinertsen, tlf 975 59 058.Meld di interesse ved å laste opp CV og søknadsbrev innan 12.11.25. All kontakt til Mercuri Urval vil bli behandla konfidensielt, om ønskeleg også overfor oppdragsgivar.Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Job Application Tips

  • Tailor your resume to highlight relevant experience for this position
  • Write a compelling cover letter that addresses the specific requirements
  • Research the company culture and values before applying
  • Prepare examples of your work that demonstrate your skills
  • Follow up on your application after a reasonable time period

Related Jobs