Fjord1 AS

Maskinsjef til nye autonome ferjer Lavik -Oppedal

Posted: 19 hours ago

Boost Your Application

Stand out with our professional, ATS-friendly resume templates designed to get you noticed by recruiters.

Download Resume Templates

Job Description

Maskinsjef til nye autonome ferjer Lavik -Oppedal Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 ASSøk på stillinga (i ny fane)Om stillingaFjord1 skal frå 1.9.26 drifte verdas første autonome ferjesamband; eit verdsleiande prosjekt som kombinerer autonom ferjedrift, grøn innovasjon og banebrytande teknologi. Vi er godt igang med prosjektet, der 4 ferjer er under bygging.Vil du vere med å forme framtida til sjøfarten? Bli vår nye maskinsjef og ta del i spennande kvardagar på fjorden. Søk no og bli ein del av vårt maritime fellesskap.Fjord1 har ledige stillingar som maskinsjef på ulike skiftordningar; 5 skifts-ordning: vil gå heile døgnet - skiftordning 2 veker på og 3 veker fri. Her tilbyr Fjord1 hybelordning i skiftperiode. Sjøvakt: 3 veker på og 3 veker fri (ordning kan blir endra til 2 veker på/av). Reise til/frå jobb blir dekka. Dagskift: 2 veker på og 2 veker fri (ferja vil gå i rute mandag-fredag og søndag).Dagskift: 2 veker på og 2 veker fri (ferja vil gå i rute alle dagar).Du må skrive i søknaden kva skiftordning som er relevant for deg.Oppstart: etter avtale. Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande. NøkkelinformasjonSøknadsfrist06.04.2026ArbeidsgivarFjord1 ASStadLavikStillingstittelMaskinsjef Lavik-OppedalStillingar1Heiltid / DeltidHeiltidTilsetjingsformFastStillingsprosent100Webcruiter-ID5078204974Sosial DelingDel på XDel på LinkedIn Del på Facebook Del på e-postArbeidsoppgåverLeie det tekniske arbeidet om bord og sørge for at alt utstyr fungerer i samsvar med klasse- og styresmaktene sine krav.Vedlikehald av maskineri og komponentar i tråd med AMOS vedlikehaldssystem.Bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.Samarbeid med skipsførar for å sikre at tryggleikssystemet vert følgt og at ISM-koden er oppfylt. Opplæring av personell og handsaming av alarminstruks.Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar, reservedelsoversikt, samt arkivering og vedlikehald av tekniske dokument. Overvake forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, samt føre maskindagbok og oljedagbok i samsvar med krav. Budsjettere og bestille reservedelar og utstyr innanfor sitt ansvarsområde. Sørgje for oppdatert stoffkartotek, samt reinhald og brannførebygging. KvalifikasjonarKompetansesertifikat M3Krise- og passasjerhandtering.Gyldig helseerklæring.Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftligRederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.Personlege eigenskaparVi ser etter ein erfaren og dyktig maskinist som er ansvarsbevisst, fleksibel og tilpassingsdyktig. Du må ha gode samarbeidsevner, høgt fokus på tryggleik og kvalitet, og trivast med ein variert arbeidskvardag der endringar kan oppstå.Vi tilbyrKonkurransedyktig lønn etter avtale mellom NHO Sjøfart og Det Norskse Maskinistforbund.Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljøFast ansettelse i et solid og anerkjent selskapAttraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar.Adresse: Lavik, 6947 Lavik, Norge Opne vegbeskriving (i ny fane) KontaktinformasjonSigrunn HellebustRekrutteringsmedarbeiderTelefon: +47 47330488E-post: sigrunn.hellebust@fjord1.noOm arbeidsgivarenFjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

Job Application Tips

  • Tailor your resume to highlight relevant experience for this position
  • Write a compelling cover letter that addresses the specific requirements
  • Research the company culture and values before applying
  • Prepare examples of your work that demonstrate your skills
  • Follow up on your application after a reasonable time period

You May Also Be Interested In