Job Description
Miljøterapeut Døgnbehandling psykisk helse DPS VegsundHelse Møre og Romsdal HFSøk på stillinga (i ny fane)Om stillingaVi har no ledig 3 faste stillingar, 20% frå 5. januar 2026. Stillingane er på helg med seinvakt fredag, mellomvakt laurdag og søndag med arbeid kvar 3. helg.DPS Vegsund er ein psykiatrisk institusjon med 17 døgnplassar. Vi har innlagde pasientar med ulike psykiske lidingar, og ønskjer no å tilsetje nye kollegaer som kan arbeide saman med oss i helgane.Hos oss får du ein triveleg og spennande arbeidsplass, der vi har fokus på å gi god behandling og omsorg til pasientane våre. Du vil bli ein del av eit team som jobbar tett saman i helgane, med vekt på miljøterapeutiske aktivitetar og godt samarbeid.Om du kan tenkje deg å bli ein del av vårt engasjerte team, oppmodar vi deg til å søkje på stilling hos oss. Det kan også vere moglegheit for å ta ekstravakter ved seksjonen.NøkkelinformasjonSøknadsfrist06.11.2025ArbeidsgivarHelse Møre og Romsdal HFStadÅlesundStillingstittelMiljøterapeutStillingar3Heiltid / DeltidDeltidTilsetjingsformFastStillingsprosent20Webcruiter-ID5027393669Startdato02.01.2026Sosial DelingDel på XDel på LinkedIn Del på Facebook Del på e-postArbeidsoppgåverPasient oppfølging/samtalarHenting av mat på sjukehusetReinhald i avdelingaSosiale aktivitetar samen med pasientaneMatserveringKvalifikasjonarVi søker miljøterapeut/miljøarbeiderHelse- eller sosialfaglege utdanningar kan også søkeErfaring med psykiatri er ønskelegFørarkort for bilGode munnlege og skriftlege norsk kunnskaparPersonlege eigenskaparDu er fleksibel og løysnings orientertDu har gode samarbeidsevnerDu har godt humørPersonleg eignatheit vert vektlagd ved tilsettingVi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeidEin inkluderande arbeidsplassLøn etter gjeldande overeinskomstarMedlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkårVi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.Adresse: Distriktspsykiatrisk senter Vegsund, Vegsundvegen 68, 6020 Ålesund, Norge Opne vegbeskriving (i ny fane) KontaktinformasjonSiw K. KringstadSeksjonsleiarTelefon: +47 957 84 240E-post: Siw.K.Kringstad@helse-mr.noOm arbeidsgivarenVil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Job Application Tips
- Tailor your resume to highlight relevant experience for this position
- Write a compelling cover letter that addresses the specific requirements
- Research the company culture and values before applying
- Prepare examples of your work that demonstrate your skills
- Follow up on your application after a reasonable time period