Overlege i barne- og ungdomspsykiatri
Posted: 6 days ago
Job Description
Overlege i barne- og ungdomspsykiatri Poliklinikk BUP Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HFSøk på stillinga (i ny fane)Om stillingaVil du vere med på laget vårt? Vi har no ledig fast stilling som overlege i barne- og ungdomspsykatri.Vi er ein del av Avdeling for psykisk helsevern barn og unge. Avdelinga er samansett av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund og ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund.Poliklinikken i Kristiansund er organisert i tverrfaglege team - akutt/ambulant team, nevropsykiatrisk team, småbarn-spiseteam og generalistteam. Vi tilbyr spesifikke behandlingstilbod som til dømes FBT, TF-CBT, EMDR og PEF, og har eit godt utvikla pasient- og pårørandeopplæringstilbod. Avdelinga har faglege nettverk på tvers av poliklinikkane i forhold til psykose, eteforstyrringar, vald og overgrep, personlegdomsproblematikk og akuttarbeid. Som overlege ved BUP Kristiansund vil du arbeide i tverrfaglege team med bl.a. psykolog, pedagog og sjukepleiar.Samarbeid med kommunehelsetenesta og oppvekstsektoren er organisert i Barn og unges helseteneste. Du kan lese meir om denne spennande nysatsninga her.Poliklinikken har eit ivaretakande og godt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt.NøkkelinformasjonSøknadsfrist31.10.2025ArbeidsgivarHelse Møre og Romsdal HFStillingstittelOverlege i barne- og ungdomspsykiatriStillingar1TilsetjingsformFastStillingsprosent100Webcruiter-ID5025239688Sosial DelingDel på XDel på LinkedIn Del på Facebook Del på e-postArbeidsoppgåverUtgreiing og behandling av barn og ungdom med ulike typar psykiske lidingar og utviklingsforstyrringarPårørande- og familiesamtalarSamhandling med fastleger og andre instanser i kommunene, bistå med rådgjeving og rettleiingPsykoedukasjonMedvirke fagleg gjennom undervisning og teamarbeidAmbulant behandling der det er hensiktsmessigKvalifikasjonarNorsk autorisasjon som legeSpesialist innan barne- og ungdomspsykiatriGode munnlege og skriftlege norskkunnskapar Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern eller med barn og ungdom er ønskjelegPersonlege eigenskaparDu har gode samarbeidsevner på tvers av profesjonar og yrkesgrupperDu er god til å kommunisere med pasientar og medarbeidararDu er god til å arbeide strukturert og målrettaÅ vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeidEin inkluderande arbeidsplassLøn etter gjeldande overeinskomstarMedlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkårByen vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre herAdresse: Sykehusgata 2, 6508 Kristiansund, Norge Opne vegbeskriving (i ny fane) KontaktinformasjonToril KvisvikKonst. seksjonsleiarTelefon: +47 95781432E-post: Toril.Kvisvik@helse-mr.noOm arbeidsgivarenVil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Job Application Tips
- Tailor your resume to highlight relevant experience for this position
- Write a compelling cover letter that addresses the specific requirements
- Research the company culture and values before applying
- Prepare examples of your work that demonstrate your skills
- Follow up on your application after a reasonable time period