Overlege i fødselshjelp og kvinnesjukdomar
Posted: 6 days ago
Job Description
Overlege i fødselshjelp og kvinnesjukdomar FØDE, BARSEL OG GYN. POL. VOLDA, Helse Møre og Romsdal HFSøk på stillinga (i ny fane)Om stillingaVolda sjukehus søker ein engasjert og fagleg sterk spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdomar. Vi ser etter ein allsidig fagperson med gode evner til leiing og samarbeid, som ønsker å bidra aktivt til utvikling av faget og tenestene våre.Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag i eit sterkt og triveleg fagmiljø. Vi har rundt 500 fødslar i året, hovudsakleg med låg til moderat risiko. Anestesiseksjonen handterer akuttsituasjonar med nyfødde, og vi har barnelege tilknytt barselavdelinga.Innan gynekologi tilbyr vi utgreiing, behandling og operasjonar av dei vanlegaste gynekologiske tilstandane. Vi har eit tett og godt samarbeid med resten av sjukehuset, og med kvinneklinikken i Ålesund.Du vil få spennande oppgåver innan føde, barsel, poliklinikk, dagkirurgi, operasjon og sengepost. For tida har vi seksdelt heimevaktordning. Du vil også få høve til å vere ein drivkraft i utviklinga av fagområdet og tenestetilbodet vårt, og bidra til eit godt arbeidsmiljø. I tillegg vil du delta i og legge til rette for spesialistutdanning for LIS3.20 % av stillinga kan vurderast knytt til leiaransvar for gynekologiske legar.Ta gjerne kontakt med oss for meir informasjon – vi ser fram til å høyre frå deg!NøkkelinformasjonSøknadsfrist05.11.2025ArbeidsgivarHelse Møre og Romsdal HFStadVoldaStillingstittelOverlege i fødselshjelp og kvinnesjukdomarStillingar1Heiltid / DeltidHeiltidTilsetjingsformFastStillingsprosent100Webcruiter-ID5020701704Sosial DelingDel på XDel på LinkedIn Del på Facebook Del på e-postArbeidsoppgåverDu vil få spennande faglege oppgåver knytte til føde, barsel, poliklinikk, dagkirurgi, operasjon og sengepostFor tida er det seksdelt heimevaktDu vil medverke til å utvikle fagområdet ved sjukehusetDu vil vere ein drivkraft og inspirator i arbeidet med å utvikle tilbodet vårtDu har god evne til å leie og arbeide i teamDu deltek i og legg til rette for spesialistutdanning for LIS3KvalifikasjonarDu har norsk autorisasjon og norsk spesialistgodkjenning i fødselshjelp og kvinnesjukdomarDu meistrar norsk/skandinavisk språk godt, både skriftleg og munnlegPersonlege eigenskaparDu er fagleg dyktig og engasjertDu kommuniserer på ein måte som skaper tillit blant pasientar og kollegaerDu trivst med ein aktiv og arbeidskrevande kvardagDu vil medverke aktivt til eit godt arbeidsmiljøDu er fleksibel og bidreg der kompetansen din trengstÅ være personlig egnet blir sterkt vektlagt!Vi tilbyrEin leiar og ei personalgruppe som er opptekne av at du skal lukkastDyktige, nytenkande, hyggelege og engasjerte kollegaerHjelp til å skaffe bustadEin inkluderande arbeidsplassTilbod om personaltreningMedlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkårLøn etter gjeldande overeinskomstarVi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her. Adresse: Volda Hospital, Kløvertunvegen 1, 6103 Volda, Norge Opne vegbeskriving (i ny fane) KontaktinformasjonHeide Rinn GrimstadSeksjonsleiarTelefon: 70058348/92217819E-post: Heide.Rinn.Grimstad@helse-mr.noOm arbeidsgivarenVil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Job Application Tips
- Tailor your resume to highlight relevant experience for this position
- Write a compelling cover letter that addresses the specific requirements
- Research the company culture and values before applying
- Prepare examples of your work that demonstrate your skills
- Follow up on your application after a reasonable time period