Psykologspesialist/ psykolog
Posted: 2 days ago
Job Description
Psykologspesialist/ psykolog Poliklinikk BUP VoldaHelse Møre og Romsdal HFSøk på stillinga (i ny fane)Om stillingaVi har ledig 1 fast stilling og eitt årsvikariat for psykologspesialist/psykolog ved poliklinikk BUP Volda, Helse Møre og Romsdal HF.Ved eventuell intern omrokkering kan det verte ledig vikariat. Oppstartdato etter avtale med seksjonsleiar.I Helse Møre og Romsdal HF er psykisk helsevern for barn og unge samansett av poliklinikkane i Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda (BUP) samt ein døgnseksjon.Poliklinikken i Volda har eit godt arbeidsmiljø med spanande arbeidsoppgåver. Vi tilbyd differensiert poliklinisk utgreiing- og behandlingstilbod til barn, unge og familiar i 7 kommunar på Sunnmøre.Personalgruppa vår er sett saman av personar frå ulike yrkesgrupper som er organisert i tverrfaglege team. I tillegg har vi akutt ambulant team, spiseteam, traumeteam, familieteam og OCD-team som er etablert på tvers av poliklinikkane i Ålesund og Volda. Vi gir tilbod om pasient- og pårørandeopplæring.Vi legg vekt på godt samarbeid med andre helsetenester, både i kommunane og i andre delar av spesialisthelsetenesta.Vi ynskjer å kunne tilby psykologane våre ein god balanse med høve til fagleg fordjuping og det å etablere eit breitt erfaringsgrunnlag. Psykologane våre får tett og god rettleiing av psykologspesialist i seksjonen. Vi sørger for at psykologane får dei kurs dei treng. Skulle du ha planar om faglege utviklingsprosjekt eller forsking, er det høve til å utvikle dette i samarbeid med fagpersonar med forskingsbakgrunn i seksjonen vår, eller eventuelt saman med samarbeidspartnerar vi har innan forsking og fagutvikling.NøkkelinformasjonSøknadsfrist07.11.2025ArbeidsgivarHelse Møre og Romsdal HFStadVoldaStillingstittelPsykologspesialist/psykologStillingar2Heiltid / DeltidHeiltidTilsetjingsformFast, VikariatStillingsprosent100Webcruiter-ID5029544182Startdato01.01.2026Sluttdato31.12.2026Sosial DelingDel på XDel på LinkedIn Del på Facebook Del på e-postArbeidsoppgåverPoliklinisk utgreiing og behandling av barn og unge med ulike psykiske lidingarRettleiing og konsultasjon til foreldre, skule og nettverkDeltaking i samarbeidsfora rundt pasientarKvalifikasjonarNorsk lisens/autorisasjon som psykologRelevant erfaringGode norskkunnskapar, både munnleg og skriftlegPersonlege eigenskaparDu har gode samarbeids- og kommunikasjonsevnerDu har interesse for fagutvikling og engasjement for utvikling av eigen arbeidsplassDu arbeider sjølvstendig, strukturert og målrettaDu har evne til å skape trivsel i ein travel arbeidskvardagDu har gode ferdigheiter i organisering av eige arbeidÅ vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeidTilrettelegging for spesialisering og fagleg utviklingEin inkluderande arbeidsplassLøn etter gjeldande overeinskomstarMedlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkårVi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her.- Og herAdresse: Kløvertunvegen 1, 6103 Volda, Norge Opne vegbeskriving (i ny fane) KontaktinformasjonKari StandalSeksjonsleiarTelefon: +47 70058570E-post: kari.standal@helse-mr.noOm arbeidsgivarenVil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Job Application Tips
- Tailor your resume to highlight relevant experience for this position
- Write a compelling cover letter that addresses the specific requirements
- Research the company culture and values before applying
- Prepare examples of your work that demonstrate your skills
- Follow up on your application after a reasonable time period