Norway’s best

Sett kursen for framtidas reiseliv – me søkjer fagansvarleg berekraft

Posted: 6 hours ago

Job Description

Vil du vere med og forme framtidas reiseliv? Norway’s Best søkjer ein engasjert og fagleg trygg fagansvarleg berekraft som vil omsetje strategi til handling – og gjere berekraft til ein naturleg del av kvardagen vår. Dette er ei rolle for deg som ønskjer å skape reell påverknad i eit ambisiøst konsern i vekst – midt i hjartet av norsk reiseliv.Om stillingaSom fagansvarleg berekraft får du ei nøkkelrolle i utviklinga av berekraftige reisemål, produkt og prosessar. Du blir ein sentral ressurs i eit konsern som satsar offensivt på grøne løysingar – frå nullutsleppstransport og lokalmatkonsept, til meir miljøvennleg drift i fjord- og fjellregionane.Rolla er fagleg-operativ og administrativ, og fungerer som eit bindeledd mellom strategi og praksis. Du skal sikre struktur, framdrift og kvalitet i berekraftsarbeidet, samstundes som du bidreg til engasjement, kompetanse og felles retning. Her får du jobbe tett med leiarar og kollegaer på tvers av selskapet – med høve til å påverke, utvikle og setje spor etter deg.Dine viktigaste oppgåverIdentifisere nødvendige tiltak og setje måltal for berekraftFølgje opp og koordinere berekraftstiltak i ulike avdelingarSikre struktur, retning og etterleving av berekraftsarbeidetSamle og analysere data til rapportering og vidare utviklingRettleie og støtte kollegaerBidra i prosjekt og kommunikasjonsarbeid Koordinere opplæring, kompetanseheving og interne initiativBidra til å skape engasjement for berekraftarbeidet i heile konsernetKven er du?Du har relevant høgare utdanning og erfaring frå operativt berekraftsarbeid i større verksemd eller offentleg sektor. Du er strukturert, relasjonssterk og løysingsorientert – ein person som får ting til å skje, men som òg evnar å lytte, engasjere og skape forståing. Du har god kjennskap til relevante sertifiserings- og rapporteringsordningar, og trivst i ein rolla som er både rådgjevande og koordinerande.Vi tilbyrEi spennande stilling i eit ambisiøst og dynamisk selskap som engasjerer seg for menneske og samfunn. Hjå oss blir du del av eit stolt kollegium i ei av Noregs leiande reiselivsbedrifter med gode moglegheiter for både fagleg og personleg vekst. I Norway’s Best er mangfald og inkludering viktige delar av kulturen. Hjå oss kan du vere deg sjølv, stille spørsmål og bli sett og respektert for den du er.Nokre av våre gode:Konkurransedyktige vilkårPensjons- og forsikringsordningar gjennom Nordea Liv og GjensidigeGode rabattar og tilbod på Norway’s Best sine produkt og aktivitetarStad: Flåm / Voss / BergenStilling: Fast, 100 %Avdeling: Kommunikasjon og strategiNorway’s best Group AS (NBG) er eit leiande norsk reiselivskonsern, med nokre av Norges mest spektakulære natur- og kulturbaserte reiseopplevingar i sin portefølje. Vår hovudaktivitet foregår i Flåm og Myrkdalen. Med fyrtårnprodukta Flåmsbana og UNESCO-området Nærøyfjorden har Flåm blitt til eit av dei mest populære reisemåla i Noreg, og i pudderparadiset Myrkdalen har vi den største skidestinasjonen på Vestlandet. I tillegg har selskapet aktivitet i Aurland, Lærdal, Geiranger og Oslo. NBG har ein omsetnad på vel 850 MNOK, meir enn 500 heilårs- og deltidstilsette og 1,7 millionar gjester. Konsernet eig Myrkdalen Fjellandsby, The Fjords og 50% av Flåmsbana. Gjennom dotterselskapet Norway’s best AS eig og driftar konsernet fire hotell, 14 restaurantar, to bakeri, i tillegg til Flåmsbanamuseet og Aurland Skofabrikk. Selskapet har også ein stor kommersiell avdeling som marknadsfører og seljer våre og andre aktørar sine produkt til gjester over heile verda. I Norway’s best Group AS verdset vi naturen, miljøet og dei lokalsamfunna vi opererer i. Ved å gjere vårt ytterste for å redusere vår miljøpåverknad og støtte opp rundt lokal verdiskaping, ynskjer vi å bidra til ei framtidsretta og berekraftig reiselivsnæring. Våre ansatte er kjernen i verksemda og vi ynskjer å skape eit inkluderande og likestilt miljø med trygge arbeidsplassar.

Job Application Tips

  • Tailor your resume to highlight relevant experience for this position
  • Write a compelling cover letter that addresses the specific requirements
  • Research the company culture and values before applying
  • Prepare examples of your work that demonstrate your skills
  • Follow up on your application after a reasonable time period