Central Norway Regional Health Authority

Sjukepleiar/helsefagarbeidar

Posted: 5 hours ago

Job Description

Sjukepleiar/helsefagarbeidar Sengepost Kirurgi SNR, Helse Møre og Romsdal HFSøk på stillinga (i ny fane)Om stillingaHar du lyst til å vere ein del av eit sterkt fagmiljø i heilt nye omgjevnader? No har du moglegheita!Vi søkjer etter sjukepleiar/helsefagarbeidar til kirurgisk sengepost SNR, ved det splitter nye akuttsjukehuset på Hjelset. Sjukehuset på Hjelset er ein del av Helse Møre og Romsdal og åpna dørene våren 2025. Med topp moderne fasilitetar og pasientforløp i fokus, er vi stolte av å kunne tilby behandling og pleie i eit av landets mest moderne helsebygg. Kirurgisk sengepost har eit breitt spekter av kirurgiske pasientgrupper, og vi er opptatt av tverrfagleg samarbeid, kvalitet og fagleg utvikling.Vi Søkjer Etter2 x 100 % fast stilling fra 01.12.25 1 x 100 % vikariat fra 01.12.25 t.o.m. 31.12.26 1 x 90 % vikariat fra 01.12.25 t.o.m. 31.12.26 Vi søkjer engasjerte og fagleg trygge sjukepleiarar/helsefagarbeidarar som ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø og sikre god pasientbehandling. Hos oss får du varierte arbeidsdagar med høg fagleg standard og gode moglegheiter for utvikling. Når det gjeld turnus har vi langvakter med inntil 12,5 timers arbeidsdag, arbeid kvar 4. helg. Samt vanlege vaktlengder med arbeid kvar 3. helg, dette tilrettelegg vi saman med deg!Dersom du ønskjer å bli ein del av ei stabil og triveleg arbeidsgruppe med sterkt fokus på samhandling og pasientsikkerheit, da håper vi at du vil søkje på stilling hos oss.Vi ber om at relevante attester og vitnemål vert lasta opp, og lagt ved søknad og CV.Interne omrokkeringer kan gi andre ledige stillingsprosentar. NøkkelinformasjonSøknadsfrist09.11.2025ArbeidsgivarHelse Møre og Romsdal HFStadHjelsetStillingstittelSjukepleiar/helsefagarbeidarStillingar4Heiltid / DeltidHeiltid, DeltidTilsetjingsformFast, VikariatStillingsprosent100, 90Webcruiter-ID5030288201Sosial DelingDel på XDel på LinkedIn Del på Facebook Del på e-postArbeidsoppgåverHeilheitleg sjukepleie og oppfølging av kirurgiske pasientar Medikamenthandtering og oppfølging før og etter kirurgi Tverrfagleg samarbeid med legar, fysioterapeutar, palliativt team og andre faggrupper Bidra til kvalitetsarbeid og fagleg utvikling i seksjonenKvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiar, eller autorisasjon som helsefagarbeidarGode kommunikasjonsferdigheiter, både muntleg og skriftleg Det er ønskjeleg med erfaring fra kirurgisk seksjon, men nyutdanna oppfordrast også til å søkjePersonlege eigenskaparSterkt motivert og løysningsorientert, med evne til å ta ansvar og initiativ til å sørge for optimal pasientbehandling Strukturert og serviceinnstilt med gode samarbeidsevner Fleksibel og evne til å jobbe i team og vere sjølvstendigVi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeidEin inkluderande arbeidsplassLøn etter gjeldande overeinskomstarMedlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkårAdresse: Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR), Opdølvegen 4, 6450 Hjelset, Norge Opne vegbeskriving (i ny fane) KontaktinformasjonAnders Nordvik RøstadKonst. seksjonsleiarTelefon: +47 97165121E-post: Anders.Nordvik.Rostad@helse-mr.noOm arbeidsgivarenVil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Job Application Tips

  • Tailor your resume to highlight relevant experience for this position
  • Write a compelling cover letter that addresses the specific requirements
  • Research the company culture and values before applying
  • Prepare examples of your work that demonstrate your skills
  • Follow up on your application after a reasonable time period

You May Also Be Interested In