Job Description
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar Sengepost medisin 1 SNR, Helse Møre og Romsdal HFSøk på stillinga (i ny fane)Om stillingaI Slutten Av April Flytta Sjukehusa i Molde Og Kristiansund Saman Til Eit Topp Moderne Felles Sjukehus For Nordmøre Og Romsdal (SNR) På Hjelset. Her Vart Det Oppretta Ein Heilt Ny Sengepost Med Døgnkontinuerleg Drift For Pasientar Innan Fagområda Kreft, Palliasjon Og Blodsjukdomar. Vi Søkjer No Etter Dyktige Og Engasjerte Sjukepleiarar/spesialsjukepleiarar i Faste Stillinger Til Denne Posten. Dei Ledige Stillingane Er60 % fast stilling med 20 % vikariat tom 31.12.26, for tida med arbeid på natt med langvakter og arbeid kvar 4. helg.80 % midlertidig stilling tom 31.12.26, for tida med arbeid på natt med langvakter og arbeid kvar 4. helg, med moglegheiter for forlenging.Seksjonen vil ha plass til 15 pasientar, der alle vil ha einerom og tilgang til eige bad. Vi har ambisjonar om å byggje ei avdeling med eit høgt fagleg nivå, der ein arbeider i team og kan spele kvarandre gode. Målet er å skape ei avdeling som står for kvalitet, tryggleik og respekt for både pasientar, pårørande og tilsette. Samstundes vil vi bidra til å forbetre tilbodet til pasientane våre.Synest du dette verkar interessant? Har du engasjement eller interesse for fagområda og pasientane? Då ønskjer vi gjerne at du sender ein søknad til oss. Oppgje gjerne kva stilling du søkjer på.Ved interne omrokkeringar kan andre stillingsprosentar bli aktuelle.NøkkelinformasjonSøknadsfrist28.10.2025ArbeidsgivarHelse Møre og Romsdal HFStadHjelsetStillingstittelSjukepleiar/spesialsjukepleiarStillingar2Heiltid / DeltidDeltidTilsetjingsformFast, VikariatStillingsprosent60, 80Webcruiter-ID5028310810Sosial DelingDel på XDel på LinkedIn Del på Facebook Del på e-postArbeidsoppgåverTeamarbeid saman med sjukepleiarar, spesialsjukeplerarar, helsefagarbeidarar og mellom anna onkolog, hematolog og palliativt team, ernæringsfysiolog, fysioterapeut og ergoterapeut. Pasientane i seksjonen vil kunne ha svært ulike behov. Arbeidsoppgåvene vil difor bestå av kartlegging og utføring av tiltak retta mot den enkelte pasient i tråd med gjeldande retningslinjer. KvalifikasjonarOffentleg godkjenning som sjukepleiar Relevant vidareutdanning, erfaring og kompetanse kan vektleggjast Meistre norsk munnleg og skriftleg Personlege eigenskaparVi ser etter deg som har interesse og engasjement for kreft, palliasjon eller blodsjukdomar Bidrar positivt i arbeidsmiljøet Er påliteleg og lojal til arbeidsplassen og kollegaene dine Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeidEin inkluderande arbeidsplassLøn etter gjeldande overeinskomstarMedlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkårAdresse: Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR), Opdølvegen 4, 6450 Hjelset, Norge Opne vegbeskriving (i ny fane) KontaktinformasjonKristina AasenseksjonsleiarTelefon: +47 91869218Om arbeidsgivarenVil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Forside - Helse Møre og Romsdal
Job Application Tips
- Tailor your resume to highlight relevant experience for this position
- Write a compelling cover letter that addresses the specific requirements
- Research the company culture and values before applying
- Prepare examples of your work that demonstrate your skills
- Follow up on your application after a reasonable time period