Job Description
Sjukepleiar/vernepleiar Allmennpsykiatri Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HFSøk på stillinga (i ny fane)Om stillingaVed Allmenpsykiatri sunnmøre (tidl. Utgreiing og behandling), har vi no ledig 3 faste stillingar som sjukepleiar/vernepleiar med eller utan relevant vidareutdanning, på dag/kveld, med arbeid kvar 3. helg. Stillingane er av storleik 75%, og er klar for oppstart etter avtale.Vi søker deg som vil vere med på å vidareutvikle sjukehuspsykiatrien på Sunnmøre. Du set verdiane kvalitet, tryggleik og respekt i fokus i møte med pasientane. Du bidreg med høg fagleg kvalitet, og du ynskjer ei pasientbehandling med fokus på frivillegheit, medverknad og redusert bruk av tvang.Allmennpsykiatri Sunnmøre er ein sengepost med 14 sengeplassar. Dei aller fleste pasientane er innlagt via øyeblikkeleg hjelp, og er overført internt frå lukka akuttseksjon. Allmennpsykiatri Sunnmøre har eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med førstelinetenesta. Pasientgruppa består diagnostisk av pasientar med alvorleg depresjon, angstlidingar, spiseforstyrringar, bipolar liding, PTSD, dissosiative tilstandar, akutte kriser, personlegheitsforstyrrelsar, psykoselidingar, suicidalitetsproblematikk og psykosomatiske tilstandar.Seksjonen tilbyd blant anna ECT-behandling, medikamentell behandling, miljøterapi og fysioterapi med ulike gruppeaktivitetar. Vi har fokus på eit individuelt tilpassa behandlingsopplegg for kvar enkelt pasient. Seksjonen har eit godt tverrfagleg team som er sett saman av psykiaterar, psykologspesialist, LIS3, LIS1, fysioterapeut og miljøpersonale med variert bakgrunn.NøkkelinformasjonSøknadsfrist26.10.2025ArbeidsgivarHelse Møre og Romsdal HFStillingstittelSjukepleiar/vernepleiarStillingar3Heiltid / DeltidDeltidTilsetjingsformFastStillingsprosent75Webcruiter-ID5020703656Sosial DelingDel på XDel på LinkedIn Del på Facebook Del på e-postArbeidsoppgåverPlanlegging og gjennomføring av målretta pleie og miljøterapeutiske tiltakArbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak for pasientgruppaHalde seg oppdatert på seksjonen sine rutiner og prosedyrerFølgje seksjonen sine kompetansehevingstiltakBidra til fagleg utvikling av sjukehuspsykiatrien KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiar og vernepleiarØnskeleg med relevant erfaring i psykisk helsearbeid eller rusØnskeleg med vidareutdanning i psykisk helsearbeidMå beherske norsk skriftleg og munnleg Personlege eigenskaparDu arbeider sjølvstendigDu er god på samarbeid og trivast med å jobbe i tett samhandling med andreDu har evne og arbeidshelse til å arbeide i ein hektisk kvardag med tidvis høgt tempoDu bidreg til godt arbeidsmiljø Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeidEin inkluderande arbeidsplassLøn etter gjeldande overeinskomstarMedlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkårAdresse: Ålesund sjukehus, Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Norge Opne vegbeskriving (i ny fane) KontaktinformasjonSiri Charlotte JohnsenSeksjonsleiarTelefon: 40452870E-post: Siri.Charlotte.Johnsen@helse-mr.noOm arbeidsgivarenVil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Job Application Tips
- Tailor your resume to highlight relevant experience for this position
- Write a compelling cover letter that addresses the specific requirements
- Research the company culture and values before applying
- Prepare examples of your work that demonstrate your skills
- Follow up on your application after a reasonable time period