Fjord1 AS

Skipsmotormekanikar Arsvågen-Mortavika, pt. MF Stavangerfjord

Posted: 19 hours ago

Boost Your Application

Stand out with our professional, ATS-friendly resume templates designed to get you noticed by recruiters.

Download Resume Templates

Job Description

Skipsmotormekanikar Arsvågen-Mortavika, pt. MF Stavangerfjord Fjord1 AS - Maritim DriftSøk på stillinga (i ny fane)Om stillingaFjord1 søker no ein skipsmotormekanikar til MF Stavangerfjord, ei gassdriven ferje som trafikkerer eitt av Noregs største ferjesamband – Arsvågen–Mortavika.Som skipsmotormekanikar blir du ein viktig del av den daglege drifta om bord. Du jobbar tett saman med maskinistane og maskinsjef, og deltek i maskinvakt, vedlikehald, feilsøking og oppgåver knytt til tryggleik og beredskap.I stillinga jobbar du 2 veker på og 2 veker fri – ei ordning som gir god balanse mellom jobb og fritid. Under arbeidsperiodane bur du om bord, og reise til og frå arbeidsperiodane blir dekka av rederiet.Her får du moglegheit til å utvikle deg vidare innan maskinfaget og bygge kompetanse på gassfartøy – ei erfaring som er ettertrakta. Du blir ein del av eit trygt, inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø om bord, der samarbeidet på tvers av heile besetninga er ein naturleg del av kvardagen.Tilsetjing skjer etter avtale, med ønske om oppstart august 2026. NøkkelinformasjonSøknadsfrist18.03.2026ArbeidsgivarFjord1 ASStadFøresvikStillingstittelSkipsmotormekanikar Arsvågen-Mortavika, pt. MF StavangerfjordStillingar1Heiltid / DeltidHeiltidTilsetjingsformFastStillingsprosent100Webcruiter-ID5090630584Sosial DelingDel på XDel på LinkedIn Del på Facebook Del på e-postArbeidsoppgåverSkipsmotormekanikerGjere seg kjend med sikkerheitsstyringssystemet (ref. utsjekksliste).Gjere seg kjend med utstyr og rutinar i samsvar med «Fartøyhåndbok», «Opplæringshåndbok for redningsutstyr», samt andre handbøker som gjeld stillinga.Gjere seg kjend med beredskapsfunksjonen i samsvar med alarminstruks.Gjere seg kjend med verne- og miljøarbeid, samt bruk av verneutstyr.Utføre maskinvakt og førefallande arbeid om bord.Sørge for reinhald og brannforebygging innanfor sitt ansvarsområde og at kjemikalium vert handtert etter prosedyre/forskrift.Alterneringsplikt mellom dekk og maskin. Bidra til at fartøyet oppnår sine målsettingar, herunder ISO 50001 og fartøyets seemp-mål.KvalifikasjonarFerdigheitssertifikat grunnleggande sikkerheitsopplæringFerdighetssertifikat skipsmotormekaniker Ferdighetssertifikat grunnleggande og vidaregåande IGFKrise- og passasjerhandteringFSEGyldig helseattestSkandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftligFjord1 dekker IGF kurs og krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.Personlege eigenskaparVi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert skipsmotormekanikar som trivast med å jobbe i team, og set sikkerheit og service på topp. Vilje til å lære og stå på er og viktige eigenskaper.Vi tilbyrLønn vert gitt etter overeinskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Sjømannsforbundet.Sjøvakt 2 veker på og 2 veker av.Treningsrom om bord i fartøyetDekka reisekostnader til/frå arbeidsperiodeEin bur ombord i arbeidsperiodenVi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår.Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar.Adresse: Arsvågen ferjekai, E39, 5561 Føresvik, Norge Opne vegbeskriving (i ny fane) KontaktinformasjonBenedicte EllingsenRekrutteringsmedarbeiderTelefon: 47887896E-post: benedicte.ellingsen@fjord1.noOm arbeidsgivarenFjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

Job Application Tips

  • Tailor your resume to highlight relevant experience for this position
  • Write a compelling cover letter that addresses the specific requirements
  • Research the company culture and values before applying
  • Prepare examples of your work that demonstrate your skills
  • Follow up on your application after a reasonable time period

You May Also Be Interested In