Hå kommune

Styrar

Posted: 19 hours ago

Boost Your Application

Stand out with our professional, ATS-friendly resume templates designed to get you noticed by recruiters.

Download Resume Templates

Job Description

Vibereiret barnehage ligg sentrumsnært til på Nærbø, med eit stort og godt uteområde, og kort veg til turområder, idrettsanlegg og Jærmuseet. Barnehagen har om lag 65 plassar fordelt på 3 avdelingar.I Vibereiret møter barna eit personale som gjev god omsorg, er anerkjennande og syner respekt. Tryggleik, humor, glede og gode relasjonar prega samspelet mellom barna og dei vaksne. Vi har eit rikt mangfald i barnehagen, både i barne- og foreldregruppa og i personalgruppa, og vi ser på dette som ein viktig ressurs. Visjonen vår «Ein god barndom gjennom fellesskap, opplevingar og mangfald» understreka vår haldning til at i Vibereiret er det rom for alle. Vi tenkjer at småbarnspedagogikken, med fokus på barn si utvikling og leik, tilknyting, samspel og relasjonar, skal ligge til grunn i det pedagogiske arbeidet med alle aldersgrupper.Vi har ei stabil personalgruppe som er fagleg dyktig, engasjert og i stadig utvikling. Vi er gode på samarbeid og vi evner å spela kvarandre gode til beste for barna. Vi er opptekne av å legge til rette for eit inkluderande fellesskap for både barna og personalet.Om barnehagane i HåI Hå kommune har vi eit felles mål om at barn og unge skal høyre til i eit fellesskap, oppleve meistring og handtere motgang.Barnehagane i Hå tilbyr eit sterkt fagmiljø og gode utviklingsmoglegheiter. Vi har som mål å jobbe kunnskapsbasert. Oppdatering av kunnskap, opplæring og oppfølging av nytilsette og strukturert rettleiing får derfor fokus.Det jobbast systematisk med korleis vaksne møter barn på ein måte som fremmer barnets trivnad og utvikling. Barn skal oppleve seg inkludert. Vi legger vekt på gruppedeling for etablering av best mogleg og tette relasjoner mellom barn- vaksen og barn- barn. Relasjonskrysset og tryggleikssirkelen er nyttige tilnærmingar for god praksis.Når barn strever med noko, bidreg vi til rett hjelp. Dialog med føresette, bruk av pedagogisk analyse og samarbeid med andre instansar kan være naudsynt for at tiltaka vert treffsikre.Vi har eit positivt syn på barn og føresette, og står samla om å anerkjenne betydinga av inkludering og eit trygt og utviklande miljø. Leiken er bærebjelken i det pedagogiske arbeidet.I Hå praktiserer vi leiing i alle ledd. Tilsette tar ansvar for, og har innverknad i den rollen dei har. Styrar og pedagogisk leiar har ansvar for ein god og tydeleg ansvarsdeling og oppfølgjing av dei tilsette, slik at dei vert trygge og kompetente i rollen.ArbeidsoppgåverAnsvar for at barna i barnehagen får eit godt barnehagetilbod i tråd med barnehagelova, rammeplanen og Hå kommune sin Kvalitetsmodell for barnehager.Ansvar for leiing av personalet, økonomi og administrasjon, samt fagleg innhald.Vidareutvikling av barnehagen og leiing av endringsprosessar.Leggja til rette for godt og konstruktivt samarbeid med føresette.Samarbeid med m.a. skole, helsestasjon, barnevern, PPT og andre fagmiljø til beste for barna.KvalifikasjonarUtdanning som barnehagelærar eller annan relevant utdanning som gjev barnefagleg og pedagogisk kompetanse (Jfr krav etter Lov og barnehager).Relevant vidareutdanning innan leiing eller tilsvarande. Andre kan òg søkje.Erfaring frå barnehage.Erfaring frå liknande stilling.Det vert lagt stor vekt på personleg eignetheit.Personlege Eigenskapar Hos SøkjerDu har eit varmt blikk og tydeleg positivt engasjement knytta til vår mangfaldige barnegruppe, personalgruppe og foreldregruppeDu har evne til å arbeide sjølvstendig og har gjennomføringsevne, samtidig som du har gode samarbeidsevnerDu held stø kurs og har ein trygg og tydeleg leiarstil. Du brenn for å vidareutvikla eit godt arbeidsmiljø og leia personalutvikling gjennom endringsleiing.Du har erfaring med og interesse for digitale system og er lærevillig i møte med nye digitale løysningarDu er fagleg engasjert og bidreg i styrarkollegietMe tilbyrEi utfordrande og meiningsfull leiarstillingKompetente og engasjerte medarbeidararMoglegheit for fagleg utvikling og leiaropplæringEi god styrargruppe med faste styrarmøter og treffpunkt.Løn- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverkAttestar og vitnemålVi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.PolitiattestGyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.TilsetjingsvilkårTilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.

Job Application Tips

  • Tailor your resume to highlight relevant experience for this position
  • Write a compelling cover letter that addresses the specific requirements
  • Research the company culture and values before applying
  • Prepare examples of your work that demonstrate your skills
  • Follow up on your application after a reasonable time period

You May Also Be Interested In