Tuesday, October 28, 2025

Job Description

Om stillingaJustis – og beredskapsdepartementet har ledig eit eitt-årig engasjement som taleskrivar. Engasjementet kan bli forlenga. Vi søkjer deg som skriv drivande gode talar og som er godt vant til å levere med korte fristar. Du vil hovudsakeleg skrive talar og andre tekstar, men vil også kunne løyse andre kommunikasjonsoppgåver. Du er sjølvdreven, engasjert og samarbeider godt med andre.Som medarbeidar i Kommunikasjonseininga blir du del av eit lag med ni erfarne kollegaer, leia av kommunikasjonssjefen.Arbeidsoppgåvene i Kommunikasjonseininga er mellom anna å gje råd og leggje til rette for mediekontakt og krisekommunikasjon. Vi jobbar for å nå ut til publikum med relevant og viktig informasjon via presse, regjeringa.no og sosiale medium. Vi samarbeider tett med politikarane, dei andre departementa, Statsministerens kontor og andre aktørar.Kvalifikasjonar og personlege eigenskaparDu Måha relevant høgare utdanning, med fullført grad på bachelorgradnivå. Relevant erfaring kan i visse høve kompensere for kravet til utdanning ha interesse og god forståing for politikk og samfunnsliv ha erfaring frå taleskriving, relevant kommunikasjonsarbeid, journalistisk arbeid eller bokskrivingraskt kunne sette deg inn i nye fagfelt, og kunne forklare kompliserte tema på ein enkel måtekunne formulere deg godt, både munnleg og skriftleg, på bokmål, nynorsk og engelsk i ulike sjangrarha god kunnskap om offentleg sektorRask tiltreding er ønskjeleg.Personlege EigenskaparVi søkjer deg som er imøtekomande, løysingsorientert og som samarbeider godt med andre. Du er kunnskapsrik, og har interesse for justisfeltet. Stillinga krev at du har god rolleforståing, analytiske evner, god vurderingsevne og forstår politiske prosessar. Du tar initiativ, jobbar sjølvstendig og er strukturert, og du kan kaste deg rundt når det trengs. Du har stor arbeidskapasitet, er nøyaktig og set deg raskt inn i ulike saker. Du er fleksibel og ikkje redd for å ta på deg nye oppgåver.Vi tilbyrspennande oppgåver i eit hyggjeleg miljø med dyktige kollegaereit unikt innblikk i politiske prosessargode forsikrings- og pensjonsordningar med medlemskap i Statens pensjonskasse, eiga bedriftshelseteneste, treningstilbod/bedriftsidrettslag, hyggjeleg kantineVi flyttar i 2026 inn i moderne lokale i Regjeringskvartalet.Les meir om å jobbe i JD her.Løn: rådgjevar/seniorrådgjevar 630.000-900.000Stilling og løn avheng av erfaring og kvalifikasjonar. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert. Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.Klarering: Den som blir tilsett må kunne bli autorisert for BEGRENSETSøknadGå til lenkja "Søk stillinga" og legg ved vitnemål lasta opp via Vitnemålsportalen og eventuelle attestar.Etter søknadsfristen vil det bli laga ei offentleg søkarliste. I samsvar med offentleglova25 gjer me merksam på at opplysningar om søkaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkarlista.Det vil òg bli laga ei utvida søkjarliste basert på CV-opplysningar som blir registrerte i portalen. Ta kontakt med oss før du eventuelt registrerer opplysningar av sensitiv eller tryggleiksmessig karakter. Alle søkarar har rett til å gjere seg kjende med den utvida søkarlista.Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar frå kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen.Vi oppmodar søkarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.Vi gjer merksam på at vi kontaktar deg som søkjar gjennom JobbNorge. Du vil få ein e-post med varsel om å logge deg inn for å lese meldinga

Job Application Tips

  • Tailor your resume to highlight relevant experience for this position
  • Write a compelling cover letter that addresses the specific requirements
  • Research the company culture and values before applying
  • Prepare examples of your work that demonstrate your skills
  • Follow up on your application after a reasonable time period

Related Jobs