Job Description
Er du ein erfaren VVS-teknikar som trivst med ansvar, tekniske utfordringar og eit kreativt arbeidsmiljø? Ønskjer du å bruke kompetansen din i eit av Noregs mest ikoniske kulturbygg – midt i hjartet av Oslo? Då vil vi gjerne høyre frå deg!I rolla som teknikar hos Det Norske Teatret får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag i eit unikt og skapande miljø. Du vil ha fagleg ansvar for teaterets VVS-system og arbeide med drift, tilsyn og vedlikehald av bygget sine tekniske installasjonar. Stillinga inneber feilsøking, reparasjon og oppfølging av teaterteknisk utstyr, samt tverrfagleg samarbeid i FDV-avdelinga og tett kontakt med scenetekniske avdelingar. Som ein sentral del av teamet bidreg du til at teateret sitt moderne bygg på 26 000 kvadratmeter fungerer optimalt – både framfor og bak scena.For å lukkast i rolla trur vi at du har:Fagbrev innan VVS-teknikk eller fagskule (relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning)Solid erfaring med SD-anlegg, ventilasjon, varme og kjøletekniske systemErfaring med drift, vedlikehald og igangkøyring av byggtekniske installasjonarErfaring og interesse innen automatikk og styringsteknikkGod forståing for tekniske teikningar, skjema og byggeteikningarDet er ein fordel om du òg har erfaring med brannvarslingsanlegg, styringssystem og digitale verktøyGode norskkunnskapar, både munnleg og skriftlegVi ser etter deg som er ansvarsmedviten, løysingsorientert og serviceinnstilt. Du arbeider systematisk, har evne til å prioritere under press og trivst med å løyse utfordringar i samarbeid med andre. Du er fleksibel, allsidig og har eit ekte engasjement for faget – og set pris på å jobbe i eit kreativt og meiningsfylt miljø.Det Norske Teateret tilbyr deg:Ei spennande og utfordrande stilling i eit unikt og inspirerande arbeidsmiljøGod pensjons- og forsikringsordningGode ferieordningarTilgang til treningsrom og organiserte tilbodGode velferdsordningarKollegialt miljø med høg fagleg kompetanse og sterk lagåndArbeidstida er 35,5 timar per veke. Stillinga inngår i skiftordning, og det må reknast med noko kvelds- og helgearbeid.Det Norske Teatret ønsker å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søke.Velkomen med søknaden din:Vi praktiserer løpande vurdering av søknader, og alle søknader vert behandla konfidensielt. Eventuelle spørsmål kan rettast til rekrutteringskonsulent Jeanett Zara på e-post: jeanett.zara@jobway.no eller telefon: +47 907 52 436.Om Det Norske Teatret:Det Norske Teatret er ein av dei mest markante teaterinstitusjonane i Norden. Med nynorsk som scenespråk, tre faste scenar og eit breitt samfunnsengasjement, skaper teateret nye uttrykk og opplevingar for eit stort publikum. Sidan opninga i 1913 har Det Norske Teatret vore eit kulturelt kraftsenter i Oslo – kjent for sitt modige kunstnariske uttrykk, sitt inkluderande miljø og sitt moderne teaterbygg midt i hovudstaden.
Job Application Tips
- Tailor your resume to highlight relevant experience for this position
- Write a compelling cover letter that addresses the specific requirements
- Research the company culture and values before applying
- Prepare examples of your work that demonstrate your skills
- Follow up on your application after a reasonable time period