Job Description
Vil du vere med å gjere kvardagen tryggare, varmare og betre for folk i Sogndal?Heimetenesta vår i Sogndal treng ein tydeleg og raus leiar, ein som både ser menneska og får ting til å skje. Er du ein inkluderande lagbyggjar som vil vere med å utvikle tenestene som gir våre innbyggjarar gode og meiningsfulle kvardagar? Då kan dette vere stillinga for deg!Om oss Sogndal kommune har rundt 12 000 innbyggjarar og over 1 300 tilsette. Me er eit framtidsretta fagmiljø som legg vekt på utvikling, samarbeid og berekraft. Her får du bu midt i det vakraste av Vestland, med fjordar, fjell, snø og sol - og eit lokalsamfunn fullt av initiativ og liv.Om jobben Sogndal kommune er i vekst, og me står midt i ei tid der me må finne nye måtar å løyse samfunnsoppdraget på. Heimetenesta er hjartet i helse- og omsorgstenestene våre; det er her me møter folk der dei bur, og legg til rette for at flest mogleg kan leve gode liv heime.Som tenesteleiar skal du jobbe for utvikling og forbetring av tenestene i både heimetenestene og heile helse og omsorg.Kva forventar me av deg? Du er utdanna sjukepleiar Du har god kjennskap til relevant lovverk og faglege retningslinjer Du har erfaring frå leiing, omstillingsarbeid eller utvikling av tenester Du er trygg, tydeleg og inkluderande i leiarskapen Du tek initiativ og jobbar målretta for å skape resultat Du har heilskapsforståing og evne til å sjå både detaljar og samanhengar Du har gode samarbeidsevner og kommunikasjonsferdigheiter Du jobbar godt både sjølvstendig og i team Du Vil Mellom Anna Få Arbeide MedHa fagleg og administrativt ansvar for heimetenesta Sikre at tenestene vert utførte i samsvar med lovverk, kommunale mål og vedtak Ha økonomi- og personalansvar og arbeide for eit godt arbeidsmiljø med høgt nærvær Bidra til forbetring, utvikling og digitalisering av tenesta Samarbeide på tvers, både internt og med eksterne partnarar Leggje til rette for brukarmedverknad og kvalitet i alle ledd Kvifor du vil trivast hjå oss Hjå Oss Får DuEin spennande og samfunnsnyttig jobb i ei tid med store moglegheiter Eit godt og raust arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar Støtte frå kollegaer og leiarar som vil at du skal lykkast Lønn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar Fleksibel arbeidstid og tilrettelegging ved behov Du er ein leiar som er trygg, tydeleg og inkluderande. Har du leiarerfaring er det flott, men det er ikkje eit absolutt krav. Du er strukturert og handlekraftig, men samstundes lyttande og open for innspel. Du ser moglegheiter der andre ser utfordringar, og du trivst med å leie gjennom tillit, samarbeid og fagleg engasjement.Du motiverer dei rundt deg, byggjer kultur for læring og utvikling, og har eit sterkt ønskje om å bidra til eit godt og framtidsretta tenestetilbod.Du bryr deg om samfunnsoppdraget i kommunen og har eit ekte engasjement for det som er bra for folk – både no og i framtida. Du lærer raskt og trivst med å utvikle og justere retning undervegs når det er naudsynt. Du er komfortabel med kompleksitet, og står stødig når ikkje alt er ferdigtenkt. Dette er ei leiarstilling der du får bruke både hjarta og hovudet. Du skal leie, støtte, inspirere og halde retning i ein kvardag som stadig endrar seg. Det er ein viktig jobb, og me veit at den rette personen kan gjere ein stor forskjell. Er det deg?Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. Tilsetting blir gjort fortløpande.Bli med og bygg framtidas heimeteneste i Sogndal - der me ser folk, ikkje berre oppgåver.
Job Application Tips
- Tailor your resume to highlight relevant experience for this position
- Write a compelling cover letter that addresses the specific requirements
- Research the company culture and values before applying
- Prepare examples of your work that demonstrate your skills
- Follow up on your application after a reasonable time period