Wednesday, October 29, 2025
The Directorate for Higher Education and Skills

To ledige stillingar innan IKT-tryggleik

Posted: Oct 19, 2025

Job Description

november 2025språk1" class="language-switch-container ng-hide">Norsk NynorskNorsk NynorskEr du oppteken av informasjonstryggleik og ønskjer å ta ei leiande rolle i tryggleiksarbeidet vårt?To ledige stillingar innan IKT-tryggleiksøk stillingenOm stillinga og avdelingaDirektoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) søkjer to engasjerte og dyktige IKT-medarbeidarar med ansvar for IKT-tryggleik og overvaking av digitale verdiar til avdeling for IKT.Vi har to faste stillingar ledig innan IKT-tryggleik og søkjer erfarne rådgivar eller seniorrådgivar med solid kompetanse til kontoret vårt i Bergen. Stillingane er ledige frå 1.desember 2025.Avdeling for IKT har ei sentral rolle i arbeidet med å verne kritisk infrastruktur og skjermingsverdig informasjon. Desse stillingane gir ei unik moglegheit til å medverke i arbeidet med samfunnsviktige tenester innan utdanning og forsking. Dei vil vere ein del av tryggleiksmiljøet i HK-dir, og ha stor fagleg påverknad og tett samarbeid med nasjonale tryggleiksmiljø.Avdelinga er knytt til divisjonen Styring og organisasjon, og har i dag 19 faste tilsette inkludert lærlingar, fordelt på kontor i Bergen, Oslo og Tromsø. Vi har mellom anna ansvar for IKT-tryggleik, drift, brukarstøtte, vedlikehald og utvikling av IT-system i porteføljen vår. Som ny medarbeidar vil du inngå i CSIRT-teamet og vere med på å overvake tryggleiken i miljøa våre, samt vedlikehalde tryggleiksystema våre og gje opplæring knytt til tryggleik.Har du interesse for informasjonstryggleik og ønskjer å medverke i tryggleiksarbeidet på eit operativt nivå, kan dette vere ei stilling for deg. Vi ser etter deg som har relevant arbeidserfaring, godt humør og elles nysgjerrig på fagområdet, samt oppteken av sluttbrukarane. Vi høyrer gjerne frå deg, og ønskjer at du sender søknaden din på norsk til oss.Sentrale oppgåver i stillinga vil vereOperativ tryggleiksovervaking av miljøa våre, der du også medverkar til vidareutvikling av evna til å oppdage truslarSårbarheitsstyring, der du medverkar til å identifisere og fjerne sårbarheiteneTrusseletterretning, vurdering og overvakingIKT tryggleikskonfigurasjonSystemvedlikehaldIKT tryggleiksrådgjevingIKT tryggleiks-governanceSamarbeid med andre tryggleikstenesterProsjektleiing i utvalde prosjektMedverke i CSIRT-teametIKT-tryggleiksopplæringMedverke i utforming av interne prosedyrar og retningsliner knytta til informasjonstryggleikMedverke til gjennomføring av risikovurderingarMedverke til oppfølging av lærlingarAndre IKT-oppgåver etter behovKva kvalifikasjonar treng vi?Du Må Haminimum 3-årig relevant høgskole utdanning innan IKT- fagområdet informasjonstryggleik. Lang arbeidserfaring kan kompensera for manglande utdanningskrav.særs god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norskgod munnleg og skriftleg framstillingsevne på engelskerfaring med operasjonelt arbeid på eit tryggleiksoperasjonssenter, helst på Microsoft Defender XDR og SentinelPersonen som vert tilsett må kunne tryggleiksklarerast til relevant nivå.Det Er i Tillegg Ein Fordel Om Du Harbrei arbeidserfaring innan operativt IKT-tryggleiksarbeid (SOC, CERT)gode kunnskapar i fag- og ansvarsområdet, herunder kunnskap om utstyr og teknologierfaring med Azure og tilhørende teknologiar som Microsoft Entra ID, Microsoft Sentinel, Azure Update Manager, Microsoft Defender XDR med meirerfaring med drift og vedlikehald av IT-systemkunnskap om NSM sine grunnprinsippsertifiseringer innan IKT-tryggleikkunnskap om sentrale leiingssystem for informasjonstryggleik, som ISO, NIST, CIS Controlsinteresse for informasjonstryggleik og tryggleikssarbeid generelterfaring innan penetrasjonstesting, sårbarheitsskanning og red/blue/purple teamingerfaring med offentlege anskaffingarerfaring med ROS analysererfaring med Linux Vi ønskjer at duhar godt humør og er serviceinnstilttek initiativ og er nøye i arbeideter analytisk og løysingsorienterter utviklingsretta og held deg oppdatert på fagområdearbeid sjølvstendig så vel som i teamhar gode samarbeids- og kommunikasjonsevnerHos oss får dueit uformelt og godt fag- og arbeidsmiljø høve til fagleg utvikling jobb i moderne kontorfellesskap med faglege dyktige kollegaer ei fleksibel arbeidstidsordning og høve for å jobbe heimanfrå delar av arbeidstida høve til trening i arbeidstida, med inntil to timar i veka høve for mobiltelefonordning medlemskap i Statens pensjonskasse, med gode pensjons- og låneordningar Lønsvilkårlønsplassering etter kompetanserådgivar/seniorrådgivar med ei årsløn mellom kroner 700 000 - 850 000for særs godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderastmedlemskap i Statens pensjonskasse, med trekk på to prosent til lovfesta pensjonsinnskot Inkluderande arbeidsliv og mangfaldI HK-dir trur vi at mangfald gir oss breiare perspektiv, og at medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar vil gjere oss i stand til å finne enda fleire gode løysningar på våre oppdrag. Vi oppmodar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Vi legg forholda til rette for personar med nedsett funksjonsevne.Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en kan du verte positivt særbehandla dersom du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi inviterer minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å verte positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgjevarportalen. Avkryssing i Jobbnorge gir grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.Offentleg søkjarlisteVi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om søkjaren sjølv ber om ikkje å verte ført opp på søkjarliste, jf. Offentleglova25. Søkjaren vert i så tilfelle informert om dette på førehand.Søknad og CVFor å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere søknad og utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål. Vi oppmodar deg om å gi tilgang til vitnemålsportalen.KontaktpersonNamn: Kennth Hopsdale-post: kenneth.hopsdal@hkdir.notelefon: 477 08 927Om HK-dirDirektoratet for høgre utdanning og kompetanse (HK-dir) har eit samla, nasjonalt ansvar for forvaltingsoppgåver innan høgre utdanning, høgre yrkesfagleg utdanning og kompetansepolitikk. Vi er fagleg rådgjevar for Kunnskapsdepartementet, set i verk politikken og samordnar verkemidla. Direktoratet skal bidra til å utvikle kvaliteten i utdanning og opplæring, styrkje det internasjonale samarbeidet og bidra til digital omstilling av universitet og høgskolar.Vi jobbar for å løfte kompetansen i befolkninga, gjere utdanning og opplæring av høg kvalitet tilgjengeleg for alle heile livet, og sikre arbeidslivet tilgang på kompetent arbeidskraft.Les meir om HK-dir herVi har kontor i Bergen, Oslo, Tromsø og Trondheim.spørsmål om stillingenKenneth Hopsdalavdelingsdirektør+4747708927kenneth.hopsdal@hkdir.nosøk stillingensøknadsfrist november 2025arbeidsgiverDirektoratet for høyere utdanning og kompetansekommuneBergenomfang1" class="ng-binding">heltid (2 stillinger) heltid (%)varighetfastarbeidsstedFortunen 1, 5013 Bergen

Job Application Tips

  • Tailor your resume to highlight relevant experience for this position
  • Write a compelling cover letter that addresses the specific requirements
  • Research the company culture and values before applying
  • Prepare examples of your work that demonstrate your skills
  • Follow up on your application after a reasonable time period

Related Jobs