Saksbehandlar i UDI – Ein jobb med meining

Full time
🔍 Find Similar Jobs

Job Details

Employment Type

Full time

Category

Other

Salary

2,026.00 USD

Valid Through

Aug 30, 2025

Job Description

Ønskjer du å bryne deg på spennande juridiske problemstillingar innanfor eit av Noregs viktigaste samfunnsoppdrag, samstundes som du får rettleie brukarane våre? Då er stillinga som saksbehandlar i Opphaldsavdelinga i UDI noko for deg. Som saksbehandlar i tenesteområdet Opphald blir du ein del av våre fagleg dyktige og engasjerte team. Vi er fagekspertar med hjarte for brukarane våre og som er opptekne av å sikre god forvalting av regelverket.

Vi behandlar ulike typar søknader frå utanlandske borgarar frå land utanfor EU/EØS som ønskjer å flytte til Noreg fordi dei har familie her, eller fordi dei ønskjer å studere eller arbeide her. Vi behandlar òg søknader om visum frå personar som ønskjer å vitje Noreg, samt søknader om permanent opphaldsløyve og norsk statsborgarskap. Vi ønskjer medarbeidarar som er fleksible og kan bidra på tvers av team og sakstypar når behovet endrar seg.

Du blir ein del av eit direktorat som satsar stort på digitalisering av tenestene våre, og vi treng dyktige medarbeidarar som har digital interesse og som ønskjer å vere med på denne transformasjonen. Vi skal skape effektive og gode løysingar for brukarane våre. Samstundes som vi jobbar med utvikling, er det òg viktig å forvalte dagens system og behandle sakene vi har. Vi skal primært tilsetje i faste stillingar, men det kan òg bli behov for mellombelse stillingar med varigheit ut 2026. Dette vil vi få avklart i løpet av intervjuprosessen. Det er ønskjeleg med snarleg oppstart.

,Vi er ein innovativ arbeidsplass som legg stor vekt på utvikling og forbetring av saksprosessane våre, med høg grad av medarbeidarinvolvering. Her er kva tre av dine framtidige kollegaer seier: «Det beste med jobben som saksbehandlar i UDI er at ein jobbar med noko samfunnsnyttig og meiningsfullt. Det kjennest viktig å bidra til rettstrygg behandling av saker som har stor betydning for enkeltmenneske, samstundes som ein er del av eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø. »«Som saksbehandlar i UDI får du spennande og varierte oppgåver. Det beste er breidda i sakene ein jobbar med.

»«UDI er ein fleksibel arbeidsplass, der eg i stor grad kan påverke min eigen arbeidskvardag. »Vi held til i nye og flotte lokale på Helsfyr, med ein svært god kantine. Vi tilbyr gode ordningar som sommartid, trening i arbeidstida, fleksitid, fleksibel arbeidsplass – og ikkje minst dei beste kollegaene i landet (meiner vi). UDI er opptekne av mangfald. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv.

Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det – til dømes tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, oppgåver og arbeidstid. Har du hol i CV-en, funksjonsnedsetjing eller innvandringsbakgrunn, oppmodar vi deg til å krysse av for dette når du søkjer. Vi kallar alltid inn minst éin kvalifisert kandidat frå kvar av desse gruppene til intervju. Praktisk informasjonStillinga er løna som rådgivar/seniorrådgivar (kode 1434/1364) i lønsspennet 585 000 – 750 000 kroner. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.

Eit lønstrekk på to prosent gir deg gode ordningar for pensjon, lån og forsikringar i Statens pensjonskasse. På grunn av ferieavvikling kjem vi som er kontaktpersonar ikkje til å svare på førespurnader fortløpande, men vi går gjennom e-postane og tek tak i eventuelle spørsmål når vi er tilbake på kontoretKva skjer no?Du søkjer via WebCruiter. Du må fylle ut CV og søknadsfelt sjølv om du legg ved søknad/CV i eige format. Du må òg leggje ved vitnemål frå Vitnemålsportalen.

Du lastar direkte opp frå Vitnemålsportelen i Webcruiter. Har du utdanning frå utlandet, må den vere godkjend av NOKUT eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (hkdir. no). Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste. Du kan be om å bli unnateken, men må grunngje kvifor. Dersom ønsket ikkje kan innvilgast, tek vi kontakt med deg. ,Du må ha: Mastergrad, fortrinnsvis innan rettsvitskap eller statsvitskap. Ein bachelorgrad med relevant erfaring kan kompensere for masterkravetSvært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelskDet er ønskjeleg med:

Erfaring med rettleiing av brukararRelevant erfaring frå offentleg forvalting,Vi ser etter deg som: Har ein analytisk tilnærming og raskt set deg inn i problemstillingarEr strukturert, god til å prioritere og har gjennomføringsevneEr ein lagspelar med gode samarbeidsevner og bidreg til eit godt arbeidsmiljøTrivst med brukarkontakt og kommuniserer godt med ulike mottakararEr digitalt nysgjerrig og har interesse for utvikling og forbetringTek initiativ til eiga læring og utviklingHar god rolleforståing og identifiserer deg med UDIs kjerneverdiar: menneskeverd, profesjonalitet og heilskap

Apply Now

You'll be redirected to the company's application portal

Application Success Tips

Resume Tailoring

Customize your resume to highlight skills and experiences relevant to this specific position.

Company Research

Learn about the company's mission, values, products, and recent news before your interview.

Profile Optimization

Ensure your LinkedIn profile is complete, professional, and matches your resume information.

Interview Preparation

Prepare thoughtful questions to ask about team dynamics, growth opportunities, and company culture.

Back to Job Listings