Job Description
Voss herad søkjer engasjert lærar med eit stort hjarte for barn og unge. Me legg vekt på at elevane skal møta engasjerte, kompetente og trygge vaksne som kan gje elevane i Voss herad ein god ballast for vegen vidare, og me ser etter deg som ynskjer å arbeida aktivt med å skapa livsmeistring og medborgarskap i vossaskulen. Me har lærande nettverk på fleire nivå for å vidareutvikla vossaskulen og skapa felles praksis. Skulane arbeider ut frå prinsippa om ein lærande organisasjon.Vangen skule ligg i sentrum og har omlag 235 elevar. Skulen ligg i naturskjønne omgjevnader med kort veg til idrettsbane, bibliotek, symjehall, gondolbane og andre fasilitetar. Satsingsområde er inkluderande skulemiljø med hovudfokus på sosial læring og utvikling. Vangen skule er ein 1.-7. skule. Det er kort gangavstand frå jernbanestasjon og buss-stasjon.Vangen skule har ledig stilling som lærar frå 1.1.2026.Voss Herad TilbyrRekrutteringstillegg kr 20 000 for GLU 1-7 og 5-10 ved fyrstegongs tilsetjing i Voss heradFast stilling i Voss heradKontaktlærartillegg frå kr. 42 200 til kr. 45 000 per år God ordning for etter- og vidareutdanningÅrskort på ski ved Voss Resort, Myrkdalen eller Voss ski- og tursenter, eller eventuelt årskort i Vossabadet ved fyrstegongs tilsetjing i Voss heradEin kultur der me deler kunnskap og erfaring med kvarandreGode kollegaer og eit positivt miljøEit utviklingsorientert arbeidsmiljø, både personleg og faglegGode forsikrings- og pensjonsordningarLøn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkårSøkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)ArbeidsoppgåverUndervisning på 1. - 7.trinnLeia, analysera og fylgja opp elevane si læringVera med å skapa eit trygt og inkluderande læringsmiljøVera ein aktiv deltakar og bidragsytar i skulane sitt profesjonelle læringsfellesskapSamarbeida med føresette og andre faginstansar Kontaktlærarfunksjon kan bli lagt til stillingaKvalifikasjonarGodkjent fagleg og pedagogisk utdanning for undervisning jf. opplæringsforskrifta12Ønskjeleg med undervisningskompetanse i minst eit av basisfaga norsk, matematikk eller engelskAnna relevant pedagogisk utdanning kan bli vurdertGode norskkunnskapar, både skriftlig og muntligPersonlege eigenskaparDu har eit stort engasjement for elevane si faglege og sosiale utivklingDu er ein tydeleg klasseleiar og er i stand til skapa trivsel, motivasjon og vekst hjå den enkelte elevDu kommuniserer godt og er i stand til å etablera gode relasjonar med elevar, føresette og kollegaerDu har evne til å arbeide løysningsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha godt humørDet kreves at du har tolmod, at du er robust og har evne til å stå i utfordrande situasjonar med elevar over tid Du bidrar aktivt i profesjonsfellesskapetDu er nysgjerrig på å læra og likar å vere i utviklingDu ser verdien av å arbeida saman som eitt lag med eit kollektivt ansvar for elevane si læringGodkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Job Application Tips
- Tailor your resume to highlight relevant experience for this position
- Write a compelling cover letter that addresses the specific requirements
- Research the company culture and values before applying
- Prepare examples of your work that demonstrate your skills
- Follow up on your application after a reasonable time period