Job Description
Me søkjer ein engasjert, serviceinnstilt og ansvarsfull medarbeidar som vil bidra til å skape gode opplevingar og minner for våre besøkande. Har du bakgrunn eller interesse innan kunst- og kulturfeltet, kafédrift, personalleiing, reiseliv eller turisme, kan dette vere stillinga for deg.Frå 1. november 2025 har Hå gamle prestegard ledig ei fast 100 % stilling som vertskaps- og serviceansvarleg.Som vertskaps- og serviceansvarleg får du ei sentral rolle i den daglege drifta og møte med vårt publikum. Du får personalansvar for resepsjons- og kafétilsette, og skal sørgje for gode rutinar for vaktplanlegging, rekruttering, opplæring og oppfølging i samarbeid med dagleg leiar. Eit viktig arbeidsområde er òg å ha det overordna ansvaret for kafédrifta i samarbeid med kokk og kafépersonale, og å bidra til at tilbodet vårt held høg kvalitet både på service og innhald. Vidare vil du ha ansvar for utleige av lokala våre, både på Hå gamle prestegard og Obrestad fyr. Dette omfattar planlegging og gjennomføring av møte, servering og overnatting.Me ønskjer ein person som:- Har utdanning og /eller erfaring innan relevante fagområde; kultur, kafédrift, personalleiing, reiseliv, kunst eller turisme.- Er strukturert, sjølvstendig, løysningsorientert og har stor arbeidskapasitet.- Har erfaring innan, og er genuint oppteken av, kundeservice, publikumsutvikling og å arbeide med menneske.- Som kan vere ein engasjert vert for det unike anlegget vårt, og bidra til minneverdige publikumsopplevingar i samarbeid med det dyktige teamet i resepsjon og kafé.- Gode IT- kunnskapar og teknisk forståing.- Har gode norsk – og engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.- Har førarkort og tilgang til eigen bil.- Til stillinga høyrer kvelds- og helgearbeid tilsvarande 1 helg i månaden.
Job Application Tips
- Tailor your resume to highlight relevant experience for this position
- Write a compelling cover letter that addresses the specific requirements
- Research the company culture and values before applying
- Prepare examples of your work that demonstrate your skills
- Follow up on your application after a reasonable time period