Nav

Vi søker rådgivande overlege

Posted: 15 minutes ago

Job Description

Ønsker du som lege å medverke til at menneske med helseplager klarar å fortsette i arbeid og utdanning? Ønsker du å arbeide med betre samhandling mellom helsetenesta, arbeidsgjevarar og Nav? Vil du vere med og utvikle legetenesta i Nav Vestland saman med kjekke kollegaer? Då er det deg vi ser etter!Legetenesta i NAV Vestland har ledig stilling som rådgivande overlege i 50% stilling med kontorplass i Førde.Yrkesdeltaking er eit undervurdert helsegode og den rådgivande legetenesta har ei viktig rolle i å fremme dette perspektivet. Dette gir spennande utfordringar innafor Nav sine visjonar og mål. Vi vil bidra til inkludering i arbeidslivet og ønsker derfor å kome tidleg inn i saker for å finne moglegheiter trass i sjukdom. Andre viktige oppgåver er intern kompetanseoverføring til rettleiarar og samarbeid med helsetenesta, med vekt på informasjon og opplæring. I arbeidet med kompetanseoverføring internt og eksternt samarbeider vi med andre faggrupper som psykologar og pedagogar om å gi fagstøtte til Nav-kontora. Vi legg spesiell vekt på god samhandling med fastlegane. Målet er å fremme forståing for trygdemedisin og vårt felles samfunnsansvar.Nav Vestland er organisert i ni regionar. Legetenesta er nå ei avdeling med ni rådgivande overleger, inkludert koordinerande rådgivande overlege. Tenesta er organisert hos Kompetansesenter for Arbeidshelse, som ein del av avdeling Arbeid og Helse. I dag er det legar tilsett med arbeidsstad i Førde, på Voss, Stord og i Bergen. Det er utarbeidd rolledokument og retningslinjer for den rådgivande legetenesta. Du vil få oppfølging av fagleg leiar av legetenesta (koordinerande rådgivande overlege) og delta i faglege møter med dei andre rådgivande legane i Vestland fylke. Saman med rådgivande overlege vil du få ansvar for å levere tenester til regionane Nordfjord, Sogn og Sunnfjord. Du må rekne med noko reising då ein del av arbeidstida vil vere ute i Nav-kontor. Deler av møteverksemda vil vere på digitale plattformar (Teams), og det er mogleg med heimekontor einskilde dagar.Den rådgjevande legetenesta skal stø under verksemda si strategi: Nav bidreg til sosial og økonomisk tryggleik, og fremjar overgang til arbeid og aktivitet. Saman finn vi løysingar med dem som treng det mest. Du må identifisere deg med desse måla og visjonen, samt med verdiane våre om å være tydeleg, til stede og løysingsorientert.

Job Application Tips

  • Tailor your resume to highlight relevant experience for this position
  • Write a compelling cover letter that addresses the specific requirements
  • Research the company culture and values before applying
  • Prepare examples of your work that demonstrate your skills
  • Follow up on your application after a reasonable time period

You May Also Be Interested In