Tuesday, October 28, 2025
Voss herad

Fagarbeidar eller miljørettleiar

Posted: 5 days ago

Job Description

Voss herad søkjer miljørettleiar eller fagarbeidar med eit stort hjarte for barn og unge. Me legg vekt på at elevane skal møta engasjerte, kompetente og trygge vaksne som kan gje elevane i Voss herad ein god ballast for vegen vidare, og me ser etter deg som ynskjer å arbeida aktivt med å skapa livsmeistring og medborgarskap i vossaskulen. Me har lærande nettverk på fleire nivå for å vidareutvikla vossaskulen og skapa felles praksis. Skulane arbeider ut frå prinsippa om ein lærande organisasjon.Vangen skule ligg i sentrum og har omlag 235 elevar og 115 elevar på SFO. Skulen ligg i naturskjønne omgjevnader med kort veg til idrettsbane, bibliotek, symjehall, gondolbane og andre fasilitetar. Skulen har innføringsklasse og ein avdeling for elevar med autismespekterforstyrringar. Satsingsområde er inkluderande skulemiljø med hovudfokus på sosial læring og utvikling. Vangen skule er ein 1.-7. skule. Det er kort gangavstand frå jernbanestasjon og buss-stasjon.Vangen skule har ledig ei fast stilling opp til 100% stilling som miljørettleiar/fagarbeidar/assistent frå 1. des 2025 eller etter avtale.Arbeidsoppgåverarbeidsoppgåvene vil i størst grad vera knytt opp til skule og SFO, med oppfylging av born i undervisning, aktivitet og leiksamarbeide i team om oppfylging av born/elevar som har ulike utfordringar, til dømes innan autismespekteretKvalifikasjonarfagarbeidar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidarmiljørettleiar med utdanning innen sosialt arbeid, vernepleie, pedagogikk eller annen relevant høgskuleutdanningfagarbeidar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidaranna relevant utdanning/arbeidserfaring kan bli vurdertgode norskkunnskapar, både skriftleg og munnlegPersonlege eigenskapar du har eit stort engasjement for elevar med særskilde behovdu tek ansvar, er strukturert og kan handtere ein hektisk arbeidskvardagdu kommuniserer godt og er i stand til å etablera gode relasjonar med elevar, føresette og kollegaerdu bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljødu er nysgjerrig på å læra og likar å vere i utviklingdu ser verdien av å arbeida saman som eitt lag med eit kollektivt ansvar for elevane si læringdu kan handtere høgt tempo, hyppige endringar og uforutsette endringar i arbeidskvardagenjobben kan vera både fysisk og psykisk krevjande, så du må ha god helse og vera tilstades både mentalt og fysisk gjennom heile arbeidskvardagenPersonlege eigenskapar vil verta vektlagtMe tilbyrgode vilkår for fagleg utviklingeit godt tverrfagleg og sosialt miljøgode forsikrings- og pensjonsordningarløn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkårGodkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.

Job Application Tips

  • Tailor your resume to highlight relevant experience for this position
  • Write a compelling cover letter that addresses the specific requirements
  • Research the company culture and values before applying
  • Prepare examples of your work that demonstrate your skills
  • Follow up on your application after a reasonable time period

Related Jobs