Øygarden kommune

Helsefagarbeider 20% helg, Blombakkane bustader

Posted: 1 days ago

Job Description

Om AvdelingaBlombakkane bustader yter heildøgns omsorgstenestar til 9 personar med psykisk utviklingshemming og ulike bistandsbehov. Blombakkane bustader ligg sentralt på Straume med gangavstand frå Straume bussterminal. Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, kor trivsel, sjølvråderett, tillitsskapande arbeid og meistring tilleggas stor vekt. Vi er ein flott og tverrfagleg samansett personalgruppe beståande av vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar, helsefagarbeidarar og assistentar. Arbeidsmiljøet er prega av tett samarbeid og derav stor kollegastøtte til kvarandre, noko vi set høgt. Vi har no ein ledig 20% fast helgestilling. Årsturnus ligg med ordinære vakter, og arbeid kvar 3 helg. Moglegheit for neste års turnus med lange vakter og arbeid kvar 4 helg.Vi søkjer deg som brenn for å sikre gode tjenestar til menneske med utviklingshemning. Du er fagleg engasjert, liker å ta ansvar og arbeide for god kvalitet i tjenesta vår i samarbeid med andre.ArbeidsoppgåverObservasjon, rettleiing, motivering, gjennomføring og evaluering av tiltak tilpassa aktuelle bebuararOmsorg og miljøarbeid i tenesta til den enkeltePrimær/sekundærkontakt - oppgåverPraktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver frå avdelingsleiar.KvalifikasjonarØnskjeleg med fagbrev innan helse. Søkjarar med andre kvalifikasjonar kan også verta vurdert.Ønskjeleg MedErfaring med liknande arbeidSertifikat klasse BPersonlege EigenskaparTryggLøysingsorientertFleksibelStrukturertVi TilbyrGode pensjons- og forsikringsordningarMotiverte og kunnskapsrike kollegaerInteressante utfordringarHøve til fagleg og personleg utviklingKontaktAvd.leiar Blombakkane BustaderDaniel Savic Røed. Tlf: 48 99 18 64. Epost: Daniel.Roed@oygarden.kommune.noØygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Job Application Tips

  • Tailor your resume to highlight relevant experience for this position
  • Write a compelling cover letter that addresses the specific requirements
  • Research the company culture and values before applying
  • Prepare examples of your work that demonstrate your skills
  • Follow up on your application after a reasonable time period

You May Also Be Interested In