For ein arbeidsgivar kan det vere vanskeleg å finne kvalifiserte folk. For menneske som ønsker arbeid kan det vere vanskeleg å finne jobb eller utdanning som ein mestrer og trivst med. Som jobbspesialist er du ein nettverksbyggar og jobbar med stort pågangsmot for å bygge bru mellom desse to behova. Du har tru på den enkeltes ressursar, og kan vere tydeleg og direkte. Du har trua på at alle menneske til tross for fysiske og psykiske utfordringar kan få og halde på ein jobb.
Blir du motivert av skildringa over, kan du vere den vi leiter etter! Nav Bergen Sentrum har eit pulserande og nyskapande miljø, og IPS Bergen har no ledig to faste stillingar som IPS-jobbspesialist. Om individuell jobbstøtteIndividuell jobbstøtte (IPS) er ein modell/metode for tett oppfølging av personar med psykiske lidingar som ønsker arbeid, og som har behov for behandling samtidig med arbeidsretta bistand. Målet er å legge til rette for at menneske med samansette utfordringar skal få, og behalda og stå i ordinær utdanning og/eller lønna arbeid.
Eit stort fagmiljø og variert arbeidskvardagIPS Bergen består av 22 jobbspesialistar som er tilsett i Nav. Det er eit stort engasjement i avdelinga og ein er opptatt av nå måla som er sett. I tillegg er det jobbspesialistar som er tilsett i Bergen kommune, som også er ein del av fagmiljøet. Stillingane vil ha sitt tilsettforhold ved Nav Bergen Sentrum, men vil vere knytt to ulike team og DPS, Team Nord og Bjørgvin DPS, samt Team Sør og Solli DPS.
Du vil ha eit kontorstad på DPS'et du blir knytt til, men arbeidskvardagen vil vere variert og bestå av møter og jobbutvikling utanfor kontoret. I søknadsteksten ber vi deg sei noko om kva som motiverer deg til å søke på denne stillinga, samt at du får fram kunnskapen din om individuell jobbstøtte.
Customize your resume to highlight skills and experiences relevant to this specific position.
Learn about the company's mission, values, products, and recent news before your interview.
Ensure your LinkedIn profile is complete, professional, and matches your resume information.
Prepare thoughtful questions to ask about team dynamics, growth opportunities, and company culture.