Har du tru på at alle menneske kan studere eller få seg ein vanleg jobb? Nav Bergen sentrum (regionkontor Bergen)Søk på stillinga (i ny fane)Om stillingaFor ein arbeidsgivar kan det vere vanskeleg å finne kvalifiserte folk. For menneske som ønsker arbeid kan det vere vanskeleg å finne jobb eller utdanning som ein mestrer og trivst med. Som jobbspesialist er du ein nettverksbyggar og jobbar med stort pågangsmot for å bygge bru mellom desse to behova. Du har tru på den enkeltes ressursar, og kan vere tydeleg og direkte.
Du har trua på at alle menneske til tross for fysiske og psykiske utfordringar kan få og halde på ein jobb. Blir du motivert av skildringa over, kan du vere den vi leiter etter! Nav Bergen Sentrum har eit pulserande og nyskapande miljø, og IPS Bergen har no ledig to faste stillingar som IPS-jobbspesialist. Om individuell jobbstøtteIndividuell jobbstøtte (IPS) er ein modell/metode for tett oppfølging av personar med psykiske lidingar som ønsker arbeid, og som har behov for behandling samtidig med arbeidsretta bistand.
Målet er å legge til rette for at menneske med samansette utfordringar skal få, og behalda og stå i ordinær utdanning og/eller lønna arbeid. Eit stort fagmiljø og variert arbeidskvardagIPS Bergen består av 22 jobbspesialistar som er tilsett i Nav. Det er eit stort engasjement i avdelinga og ein er opptatt av nå måla som er sett. I tillegg er det jobbspesialistar som er tilsett i Bergen kommune, som også er ein del av fagmiljøet.
Stillingane vil ha sitt tilsettforhold ved Nav Bergen Sentrum, men vil vere knytt to ulike team og DPS, Team Nord og Bjørgvin DPS, samt Team Sør og Solli DPS. Du vil ha eit kontorstad på DPS'et du blir knytt til, men arbeidskvardagen vil vere variert og bestå av møter og jobbutvikling utanfor kontoret. I søknadsteksten ber vi deg sei noko om kva som motiverer deg til å søke på denne stillinga, samt at du får fram kunnskapen din om individuell jobbstøtte. NøkkelinformasjonSøknadsfrist10. 08.
2025ArbeidsgivarNAVStadBergenStillingstittelIPS jobbspesialist region BergenStillingar2Heiltid / DeltidHeiltidTilsetjingsformFastStillingsprosent100Webcruiter-ID4997815367Sosial DelingDel på XDel på LinkedIn Del på Facebook Del på e-postArbeidsoppgåverJobbe etter IPS-metodikk i tett samarbeid med deltakarar, behandlarteam, Nav og studiestader/arbeidsgivararOppsøke utdanningsinstitusjonar og bedrifter, skape dialog og bygge nettverkVere ute i lokalmiljø og ha møte med deltakarar og studiestadar/arbeidsgivarar (65% av arbeidstida)Følge opp eigen portefølje på 20 deltakarar og identifisere jobbsøkarane sine interesser, sterke sider, ferdigheiter og evne, samt kople det med riktig utdanning/jobbar Rettleie jobbsøkarane i søkeprosessenEngasjere og motivere både jobbsøkar, studiestadar, arbeidsgivarar, pårørande og andre personar i nettverket rundt deltakar Bidra med din kompetanse og entusiasme inn i jobbspesialistteamet og behandlarteametDokumentere arbeidet i fagsystemKvalifikasjonarHøgare utdanning på minimum bachelornivå.
Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
God skriftleg og munnleg framstillingsevne Erfaring med IPS eller god kjennskap til prinsippa i IPS (erfaring frå Supported Employment kan og vere aktuelt)Det Er Også Ønskeleg At Du Harkunnskap om utdanningsmoglegheiter, samt lokal og regional arbeidsmarknaderfaring frå oppsøkande verksemd og nettverksbygging god rettleiingskompetanse eller erfaring med direkte kontakt med menneske i ulike livsfasarkunnskap om, eller erfaring frå arbeid med psykiske helseutfordringarVi ser etter deg somKommuniserer godt og bygger trygge relasjonar med ulike menneskeEr god til å motivere og inspirereHar god oversikt, prioriterer godt og handterer uventa hendingar Trivst med å bli følgd opp på kvalitet og resultat Er sjølvgåande, fleksibel og har sterk gjennomføringsevneVi tilbyrMoglegheit til å utgjera ein forskjell i ein organisasjon med eit særs viktig samfunnsoppdragEin spennande jobb i eit innovativt arbeidsmiljø, prega av kompetanse og marknadsorientert innstillingEit godt fagmiljø med fokus på tenesteutvikling og ambisiøse målOpplæring, kurs og kompetanseheving Gode og inkluderande kollegaer og godt arbeidsmiljø på eit kontor med høgt tempoVelferdsgode som fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstidaGod pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasseStillingskode 1434 rådgivar i lønnsspenn frå kr.
540 000 til kr. 634 000,- per år. For særskilt kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast. Les meir om Nav som arbeidsgivarAdresse: Møllendalsveien 6, 5009 Bergen, Norge Opne vegbeskriving (i ny fane) KontaktinformasjonAina Merete SteinslandAvdelingsleiarTelefon: +47 91364345E-post: aina. merete. steinsland@nav. noLinkedIn-profilOm arbeidsgivarenNav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester. Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne. Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen. no. NAVstilling
Customize your resume to highlight skills and experiences relevant to this specific position.
Learn about the company's mission, values, products, and recent news before your interview.
Ensure your LinkedIn profile is complete, professional, and matches your resume information.
Prepare thoughtful questions to ask about team dynamics, growth opportunities, and company culture.