Tuesday, October 28, 2025
Sogndal kommune

Pedagogisk leiar og fagarbeidar/assistent - Furuli barnehage

Posted: 11 hours ago

Job Description

Furuli barnehage ligg i vekstbygda Kaupanger i Sogndal kommune, 10 kilometer frå Sogndal sentrum. Det er gode buss-samband mellom Sogndal sentrum og Kaupanger, og mellom Lærdal/Årdal og Kaupanger.Barnehagen ligg på toppen av byggefeltet på Kaupanger. Me er ein stor barnehage, med 6 avdelingar. Det gjer at me deler oss på tre ulike uteleikeplassar. I tillegg har me flotte leikeområde med skog og bø rett utanfor porten til barnehagen. Me har ein lavvo og uteleikeplass i skogen, som gjev andre moglegheiter for leik. Det vert både korte og lengre turar i skogen og nærområdet. Me kan og bruka ballbingen, som skil oss berre med ei grind. Barnehagen har fine og gode fasilitetar inne, mellom anna motorisk rom som gjev moglegheit for ulike aktivitetar og sanserom.Hjå Oss Vert Det Ledig Følgande Stillingar100% stilling som pedagogisk leiar på vår småbarnsavdeling frå 2. januar til 13. august 2026, med moglegheit for forlenga stilling. 100% stilling som fagarbeidar/assistent frå 2. januar 26 til 13. august 2026, med moglegheit for forlenga stillinga. ArbeidsoppgåverMedverka til å skape eit inkluderande og utviklande leike- og læringsmiljø. Leggja til rette for og gjennomføra aktuelle dagsplanar og vere der for barna Bidra til barna si utvikling og leik både inne og ute Samarbeida med kollegaer og med føresette. Hjelpa til med praktiske oppgåver som påkleding og rydding m.m. I stilling som pedagogisk leiar har du i tillegg ansvar for:Planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av det pedagogiske innhaldet Rettleie og støtte personalet i det pedagogiske arbeidet. Legge til rette for godt samarbeid med føresette. Halde seg fagleg oppdatert, dele kunnskap og bidra til kompetanseheving. KvalifikasjonarI stillinga som pedagogisk leiar er det krav om barnehagelærarar utdanning eller anna relevant pedagogisk høgskuleutdanning. Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller relevant utdanning/erfaring. Erfaring med barn og unge. Beherske norsk godt, både lesing, skriftleg og munnleg. Du kan søkje om du ikkje har godkjent relevant utdanning eller relevant praksis/erfaring. Personlege EigenskaparPositiv, inkluderande og glad i nye utfordringar. Fysisk aktiv og leiken. Interesse for friluftsliv og fysisk aktivitet Engasjert i barna, tek initiativ og ansvar. Evnar å skape gode relasjonar i barnegruppa, med føresette og medarbeidarar. Likar å arbeida saman med andre Planlegge og leie ulike aktivitetar med barna Taklar høgt tempo i kvardagen. Godt humør. Kunne gje og ta imot rettleiing Personlege eigenskapar vert vektlagt. Me TilbyrEin spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø. Kjekke og varierte dagar. Gode pensjons- og forsikringsordningar. Gode velferdsordningar. Oppfølging og rettleiing Bedriftstrening Sogndal kommune- utfordrarbygda med høgt kompetansemiljø.I Sogndal kommune meiner me at medverknad frå barn, føresette og tilsette vil gje eit trygt og godt barnehagemiljø. Me har derfor fokus på tillitsbasert leiing og me er ein kommune som er framoverlent og nytenkjande. Gjennom samarbeid og erfaringsutveksling skal du og andre tilsette sikre god kvalitet og utvikling for alle barna i den langstrakte kommunen vår.Sogndal Sine Verdiar «SOGN» Pregar Sogndalsbarnehagen.Samskapande – Open – God – NysgjerrigBli betre kjend med Sogndal kommune her: www.sogndal.kommune.noAndre OpplysningarMe ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.Politiattest må leggast fram før tilsetjing.Bli med på leikelaget!

Job Application Tips

  • Tailor your resume to highlight relevant experience for this position
  • Write a compelling cover letter that addresses the specific requirements
  • Research the company culture and values before applying
  • Prepare examples of your work that demonstrate your skills
  • Follow up on your application after a reasonable time period

Related Jobs