Voss herad

Sjåfør/vaktmester

Posted: 4 minutes ago

Job Description

Voss herad, helse og omsorg har ledig vikariat som sjåfør/vaktmeister 100% stilling frå 01.01.2026 til 31.12.2026Om arbeidsstadenVoss Sjukeheim er ein institusjon som ligg under Område Vest. Voss Sjukeheim ligg vegg i vegg med Voss Sjukehus og er i gangavstand frå Voss sentrum. Voss Sjukeheim består av ein kortidsavdeling med 3 interkommunale ØH-senger, ein langtidsavdeling samt Sone vest, som dekkjer heimesjukepleie og heimehjelps oppgåver i område Vangen sentrum til Bolstad i vest. Sjåførane er organisert under Område Vest, avd. Fellestenester som har ansvar for pasienttransport/mattransport/vaktmeister oppgåver og vaskeridrift, men ein vil arbeida ut mot alle avdelingar i helse og omsorg.ArbeidsoppgåverSom sjåfør/vaktmeister vil du ha eit tett samarbeid med dei ulike avdelingane. Tenesta er i utvikling og organiseringa kan verta endra då me skal dreia ressursar frå institusjonsbasert til heimebasert omsorg.Ein spanande stilling med varierte arbeidsoppgåver som krev kunnskap og fleksibilitet. Det vert forventa at du deltek aktivt i utvikling av våre tenester og set brukar i sentrum. Me arbeider etter prinsippa i tillitsmodellen og helse og omsorg sin strategi " morgondagens omsorg i mine og dine hender"Sentrale Arbeidsoppgåver Vil VæreKøyra brukarane til og frå dagsenterSamarbeide både med dagavdelinga, heimetenesta, sjukeheimane og pårørande.Diverse køyring mellom sjukeheimane, tannlegekøyring, turkøyring m.m.Hovudansvar for dagleg og periodisk vedlikehald av bussen, oppfølging av EU-kontroller, servicar ol. i samarbeid med leiar.Delaktig i utarbeidelsen av kjørerutene/logistikkenVaktmeister oppgåver m.m.Arbeidstid frå måndag til fredag, dagtid. Men ein må pårekna endring av arbeidstid ettersom samlokalisering/omorganisering av dagaktivitetstilbodet er planlagt gjennomført flytta til Vetleflaten i løpet av våren/sommaren.Du vil være tilknytt eit godt arbeidsmiljø med travle dagar saman med våre 5 andre sjåfør/vaktmeister.KvalifikasjonarFørarkort kl. D1 (Minibuss)Kompetansebevis for yrkessjåfør (YSK)Personlege EigenskaparServiceinnstilt og fleksibelNøyaktigPunktlegAnsvarsbevisstGode norsk kunnskaparMe vektlegg personlege eigenskapar som stå på vilje, glad i utfordringar og har ynskje om å vidareutvikle våre tenester og bidra i arbeidsmiljøet vårt. Våre verdiar: påliteleg, inkluderande, profesjonell, skapande.Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i stillinga.Me tilbyrspennande og utfordrande stilling i ein kommune i utviklingeit godt tverrfagleg og sosialt miljøgodt arbeidsmiljøgode forsikrings- og pensjonsordningarløn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkårSøknadMe ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.Ver venleg og legg ved vitnemål og attestar i søknaden

Job Application Tips

  • Tailor your resume to highlight relevant experience for this position
  • Write a compelling cover letter that addresses the specific requirements
  • Research the company culture and values before applying
  • Prepare examples of your work that demonstrate your skills
  • Follow up on your application after a reasonable time period

You May Also Be Interested In