Loading...
Øygarden kommune

Spesialrådgjevar

Posted: 22 hours ago

Job Description

Vil du vere med på å forme framtida til HR i kommunen?HR, forvaltning og kvalitet er ei heilt ny eining som såg dagens lys i august 2024, og har plass under kommunalsjefområdet organisasjon og beredskap. Her finn du HR- og HMS-avdelinga og no er vi på jakt etter ein engasjert og dyktig medarbeidar, som vil vere med på å utvikle og styrkje HR-arbeidet vidare. I denne spennande rolla får du moglegheita til å jobbe tett med alt frå kompetanseutvikling og rekruttering til personalprosessar som er heilt avgjerande for at kommunen skal vere rusta for framtida. Du vil vere med på å forme eit arbeidsmiljø der både tilsette og organisasjonen kan blomstre og utvikle seg.Er du strukturert, har erfaring innan HR, og elskar å vere med på å bygge noko nytt?Då er det deg vi ser etter! Vi tilbyr ein dynamisk arbeidsplass der du får påverke og utvikle viktige HR-prosessar – og kanskje det beste av alt: du får vere med på å gjere ein forskjell, både for dei som jobbar i kommunen, og for heile organisasjonen.ArbeidsoppgåverSikre gode prosessar for medverknad og involvering i samarbeid med tillitsvalde og vernetenesteGi råd og støtte til leiarar i krevjande personalsaker og endringssituasjonarUtvikle og forbetre rutinar, retningslinjer og prosessar innan HR- og organisasjonsutviklingStrategisk rekrutteringBidra i planlegging og gjennomføring av omstillingsprosessar, verksemdsoverdragingar og avslutning av arbeidsforholdFormidle informasjon og gi opplæring i HR-relaterte temaBidra aktivt til å fremje ein kultur for open dialog, samarbeid og profesjonell handtering av endringHjelpe med andre oppgåver som ligg/vert lagt til einingaKvalifikasjonarMå ha:Relevant utdanning på master nivåMinimum fem års relevant erfaring frå krevjande HR-prosessar, som omstilling, verksemdsoverdraging og avslutning av arbeidsforhold. Erfaring frå komplekse og utfordrande endringsprosessar vil bli særleg vektlagt.Ønskjeleg MedErfaring med å leie eller koordinere prosessar som sikrar reell involvering og medverknad.Solid forståing for offentleg forvaltning og samanhengen mellom politikk og administrasjon.Evne til å kommunisere strategisk, formidle komplekse tema på ein klar og tillitvekkjande måte.Personlege EigenskaparRelasjonsbyggjande, fleksibel og open for varierte oppgåverSjølvstendig lagspelar med serviceinnstilling og positiv haldningVillig til å utvikle og bygge vidare eigen kompetanseVi TilbyrGode pensjons- og forsikringsordningarMotiverte og kunnskapsrike kollegaerInteressante utfordringarHøve til fagleg og personleg utviklingKontaktJune Johannesen, mob: +47 48132938, mail: June.Johannesen@oygarden.kommune.noØygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Job Application Tips

  • Tailor your resume to highlight relevant experience for this position
  • Write a compelling cover letter that addresses the specific requirements
  • Research the company culture and values before applying
  • Prepare examples of your work that demonstrate your skills
  • Follow up on your application after a reasonable time period

You May Also Be Interested In