Loading...
Øygarden kommune

Vernepleiar/sjukepleiar 100% vikariat

Posted: 6 days ago

Job Description

Om AvdelingaVågaleitet omsorgsteam yt tenester til menneske med ulike hjelpebehov som bur i eigne bustader. Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, kor trivsel, eigen medverknad, tillitsskapande arbeid og meistring tilleggas stor vekt. Det er fellesmåltid ein gong i veka og andre fellesaktivitetar i regi av basen. Vi er ein flott og tverrfagleg samansett personalgruppe beståande av vernepleiarar, hjelpepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar.Om StillingaVi har no ledig eit vikariat i 6 mnd i ei 100% stilling som vernepleiar/sjukepleiar. Det er årsturnus med lang vakter på inntil 14 timar med arbeid 4 kvar helg.ArbeidsoppgåverDagleg omsorg og miljøarbeid i tenesta til den einskilde.Fagleg arbeid med observasjon, rettleiing, motivering, gjennomføring og evaluering av tiltak tilpassa aktuelle bebuarar.Primærkontaktansvar, tverrfagleg samarbeid med ulike instansar og kontakt med pårørande.Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver frå avdelingsleiar.LegemiddelhandteringOppfølging i forhald til helse og omsorgstjenesteloven kap. 9KvalifikasjonarMå ha: Autorisasjon frå 3 årig høgskule utdanning innan helse, fortrinnsvis vernepleiar/ sjukepleiarGode norskkunnskapar munnleg og skriftlegMin. aldersgrense 18 år.Sertifikat klasse BKjennskap til Helse og omsorgstenestelova kap 9 og Pasient og brukerrettighetsloven kap. 4aØnskjeleg MedErfaring frå liknande arbeidPersonlege EigenskaparFleksibelLøysingsorientertGode samarbeidsevnerStrukturertGodt humørAnnaSjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.Vernepleiarar og spesialvernepleiarar i fast turnus er løna kr 25.000,- pr. år over gjeldande tariff.Vi TilbyrGode pensjons- og forsikringsordningarEin spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljøMotiverte og kunnskapsrike kollegaerInteressante utfordringarHøve til fagleg og personleg utvikling.Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån KontaktAvd.leiar Vågaleitet Vivian Kvinge tlf 41 41 55 21Einingsleiar Kristin Straume, tlf 99 79 95 26Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Job Application Tips

  • Tailor your resume to highlight relevant experience for this position
  • Write a compelling cover letter that addresses the specific requirements
  • Research the company culture and values before applying
  • Prepare examples of your work that demonstrate your skills
  • Follow up on your application after a reasonable time period

You May Also Be Interested In