Mercuri Urval Norway

Konsernsjef - Voss Energi

Posted: 3 days ago

Job Description

Berekraft og lønsam forretningVår noverande konsernsjef skal pensjonera seg, og me søkjer no hans etterfølgjar.Voss Energi er eit velfungerande konsern med ambisjonar om vidare vekst. Konsernet sin visjon er å vera lokal drivkraft for berekraftig utvikling. Rolla krev sterk kommersiell orientering og solid leiarerfaring. Bakgrunn frå verksemd med fokus på produksjon, endringsprosessar, forretningsutvikling og investeringar vil vektleggjast. Bransjekompetanse og bransjeerfaring vil vere ein føremon.Ansvar og oppgåverSom konsernsjef vil du saman med styret leia den vidare utviklinga av Voss Energi. Konsernsjefen har det overordna ansvaret for selskapet si drift og utvikling, og vil ha ansvar for å realisera strategien til konsernet. Du vil samarbeida tett med leiargruppa og styret for å sikra berekraftig vekst og lønsemd. Viktige oppgåver for konsernsjefen vil vera kontinuerleg utvikling og vurdering av mål og strategiar, samtidig som ein er tett på organisasjonen og har god kommunikasjon med styret. Konsernsjefen skal vera synleg, og innta ei rolle som stadfestar Voss Energi sin posisjon som samfunnsaktør. Eksempel på oppgåverImplementering av styret sine føringar og selskapet sin langsiktige strategi i tråd med berekraftige prinsipp og miljømålVidareutvikling og leiing av leiargruppaSikre effektiv drift og optimal ressursutnytting, med kontinuerleg fokus på organisasjonenByggja og oppretthalda relasjonar med myndigheiter, regulerande organ og andre interessentarSikre at selskapet vert drive i samsvar med relevante lover og reguleringarKvalifikasjonar og eigenskaparDen me søkjer har høgare utdanning (gjerne innan tekniske fag/elkraft) og relevant leiarerfaring.Kunnskap om kraftforsyning og erfaring frå beredskapsarbeid er ein føresetnad , og god teknologisk forståing vil vere ein føremon. Som konsernsjef er det viktig å ha eit heilskapleg og strategisk blikk, god arbeidskapasitet og sterk gjennomføringsevne. Me ser difor etter ein målmedviten leiar med ein tydeleg og inspirerande leiarstil som vil jobbe etter våre verdiar; berekraftig, kompetent og effektiv.Søkjarar må evne å kombinere kommersiell teft, økonomisk forståing og strategisk tenking med operativ handling. For å lukkast i rolla må du være utprega analytisk, men samtidig ha gode sosiale eigenskapar og ha lett for å byggja relasjonar. Konsernsjefen skal representera konsernet og vera synleg utover mot samfunnet, og må vera ein god rollemodell. Kandidatar må difor framstå som fagleg trygge, strukturerte og løysingsorienterte.Stor arbeidskapasitet med god evne til å prioritera og delegera er naudsynt. Gode samarbeids- og kommunikasjonsevne er ein føresetnad.Me tilbyr ei spanande og utviklande stilling med utfordrande oppgåver i eit stabilt miljø. Voss Energi med dotterselskap er ein organisasjon med stort potensial, der konsernsjefen vil vere sentral i vidare utvikling og vekst.Spørsmål om stillinga kan rettast til Mercuri Urval ved Gro Reinertsen, tlf 975 59 058 eller Ole Petter Bratteberg, tlf. 975 59 036.Alle førespurnadar vert handsama fortruleg.Om Voss EnergiVoss Energi AS er eigd av Voss herad og har sitt hovudkontor på Voss. Me driv med produksjon, distribusjon og omsetnad av elektrisk kraft og varme, samt levering av fiber- og breibandstenester. Konsernet omfattar morselskapet Voss Energi AS og dotterselskapa Tendranett AS, Voss Energi Kraft AS, Voss Energi Produksjon AS, Voss Fiber AS og Hordaland Bioenergi AS.

Job Application Tips

  • Tailor your resume to highlight relevant experience for this position
  • Write a compelling cover letter that addresses the specific requirements
  • Research the company culture and values before applying
  • Prepare examples of your work that demonstrate your skills
  • Follow up on your application after a reasonable time period

You May Also Be Interested In