Kriminalomsorgen

Vikariat Førstekonsulent/Rådgiver

Posted: 1 minutes ago

Job Description

Om stillingaVi søker etter ein engasjert fyrstekonsulent/rådgjevar i eit 100% vikariat fra 01.01.26 - 01.10.26. Stillinga har kontorstad i Kristiansund.Møre og Romsdal friomsorgskontor har 26 tilsette, med hovudkontor i Molde og kontor i Ålesund og Kristiansund.Møre og Romsdal friomsorgskontor inngår i Kriminalomsorga region vest. Region vest med regionkontor i Bergen omfattar både Vestland fylkeog Møre og Romsdal fylke. I Møre og Romsdal er det tre einingar, to fengsel og eit friomsorgskontor.Arbeidsoppgåveroppfølging av straffedømte som gjennomfører straff i fridom; samfunnsstraff, program mot ruspåverka køyring, møteplikt, samt oppfølging av botlagteplanlegge eit kriminalitetsførebyggjande innhald i straffakoordinere og formidle kontakt mellom domfelte og forvaltningsapparatet/hjelpeapparatetdrive utviklingsarbeid og programverksemdutarbeiding av personundersøking til bruk i straffesakersakshandsaming etter straffegjennomføringslovaMøre og Romsdal friomsorgskontor har også oppfølging av domfelte under soning med elektronisk kontroll,12- soning i institusjon og narkotikaprogram med domstolskontroll.Den som vert tilsett må rekne med å ta del i heile verksemda sine oppgåver og drift. Ansvarsområda og oppgåvene kan endreseg da organisasjonen er i stadig utvikling. Det må påreknast noko reiseverksemd.Utdanning og erfaringDu må harelevant høgskule- eller universitetsutdanning på bachelornivå, fortrinnsvis barnevernspedagog, sosionom eller vernepleierminimum 3 års relevant erfaring eller mastergrad for stillingskode rådgjevargod munnleg og skriftleg framstillingsevnegode samarbeids- og kommunikasjonsevnegode datakunnskapførarkort kl. B Det er ønskjeleg at du harerfaring frå sosialt arbeid, rus/psykiatri eller vidareutdanning innan til dømes rus/psykiatrierfaring frå sakshandsamingPersonlege eigenskaparer sjølvstendig og har god gjennomføringsevnejobbar systematisk, er effektiv og nøyaktighar gode kommunikasjons- og samarbeidsevnerevne til å motivere for endringevne til å planleggje og strukturere ein arbeidskvardag med mange oppgåver og prosessarevne til å bidra til eit godt samspel på arbeidsplassenhar personlege eigenskapar i tråd med etatens verdiarVi tilbyrmeiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdraggode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.stillinga som fyrstekonsulent er plassert i stillingskode 1408, årsløn mellom kr 520 000-600 000, rådgjevar er plassert i stillingskode 1434, årsløn mellom kr 564 000 - 692 400. Frå løna vert der trekt 2 % innskot i Statens pensjonskasse.Generell informasjonKriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her. Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til fungerande friomsorgsleiar Trude Aarseth tlf. 472 72 303.For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.

Job Application Tips

  • Tailor your resume to highlight relevant experience for this position
  • Write a compelling cover letter that addresses the specific requirements
  • Research the company culture and values before applying
  • Prepare examples of your work that demonstrate your skills
  • Follow up on your application after a reasonable time period

You May Also Be Interested In